Stensønes skal påverke den blå framtida til Europa på vegner av fylkeskommunen

På årsmøtet i Nordsjøkommisjonen i Oldenburg i juni valde medlemsregionane Henrik Stensønes (Sp) frå Møre og Romsdal fylkeskommune til ny leiar for arbeidsgruppa for marine ressursar. 

Mann på talarstol. - Klikk for stort bileteHenrik Stensønes er valt til ny leiar for arbeidsgruppa for marine ressursar i Nordsjøkommisjonen. Olav Fransson Drangeid

Stensønes frå Kristiansund er fylkestingspolitikar og er medlem av kultur- og folkehelseutvalet.

Valet av Stensønes var einstemmig og med stor applaus! No får han moglegheita til å sette dagsorden for arbeidet innan fiskeri, havbruk og dei blåe næringane i ein av dei viktigaste europeiske plattformene for kystregionar.

– Eg er både stolt og motivert. Dette er ei unik moglegheit til å gjere arbeidet i kommisjonen meir relevant for ungdom, utdanning og næringsliv i Møre og Romsdal. Eg har vore nestleiar av arbeidsgruppa over fleire år, og kjenner eg er klar, seier Henrik Stensønes.

Vil løfte fiskerifaga inn i framtida

Henrik er tydeleg på kva han vil prioritere.

– Utdanning og kompetanse skal til toppen av prioriteringslista. Utan rekruttering og ei framtidsretta marin og maritim opplæring står kystsamfunna våre i fare for å tape stort. Vi veit arbeidsstyrken blir mindre, med færre yngre og fleire eldre, og det gjer det enno viktigare å prioritere næringane der Møre og Romsdal har særlege fortrinn, seier han.

Eit viktig grep er søknaden Møre og Romsdal fylkeskommune har sendt til EU om eit Senter for framifrå fag- og yrkesopplæring innan fiskeri (Center of Vocational Excellence, eller CoVE). Prosjektet heiter CoVE F.I.S.H og samlar partnarar frå åtte europeiske land og skal fornye opplæringa innan fiskeri og havbruk. Møre og Romsdal fylkeskommune vart invitert inn i prosjektet gjennom nettopp Stensønes og arbeidsgruppa han no har blitt leiar for. Stensønes ligg også ann til å delta i styringsgruppa til prosjektet dersom søknaden går gjennom.

– Målet til prosjektet er å gjere opplæringa meir attraktiv og framtidsretta. Det skal vere like naturleg å velje ei yrkesfagleg retning mot havet som mot helse eller teknologi. Samtidig skal CoVE-en bygge forpliktande samarbeid på tvers av næringa mellom skolane, innovasjonsmiljøa og bedriftene. Denne typen samarbeid vil fylkeskommunen ha meir av, seier Stensønes.

Også beredskap skal bli prioritert

Beredskap er eitt av områda Nordsjøkommisjonen har vedtatt å arbeide meir med, men som ikkje var ein del av strategien deira frå før. Møre og Romsdal fylkeskommune bidrog til endringar i slutterklæringa kommisjonen skal styre etter med å sjå kompetanse og beredskap i samanheng.

– Kompetanse og beredskap må gå hand i hand. Når beredskapen skal bli styrka er det sjølvsagt viktig at vi utdannar fleire sjøfolk til Sjøforsvaret, men ein vil også måtte heve kompetanse om beredskap til sjøfolk i sivil sektor. Også på dette området må vi arbeide betre saman på tvers, seier Henrik Stensønes.

Bilde av ein møtesal. - Klikk for stort bileteFrå årsmøtet i Nordsjøkommisjonen i Oldenburg, Tyskland i juni. Henrik Stensønes

Stensønes avsluttar med:

– Ein bør også få til betre beredskapssamarbeid med andre kystregionar i Nordsjøen, då vi er saman om å forvalte og ta vare på havbassenget. Nordsjøen er sårbar med ei rekke kritisk infrastruktur både over og under vatn: Oljefelt, straumkablar, gasskablar, hamnar og meir. Det er ikkje tvil om at ein bør vere saman om å trygge desse installasjonane betre. Beredskap handlar også om å vere klar for og handtere naturbaserte risikoar, som spreiing av framande artar i økosystemet samt klimaendringar og forureining.

Nordsjøkommisjonen skal gi kystregionar gjennomslag i EU og Europa

Nordsjøkommisjonen samlar regionar frå heile Nord-Europa og jobbar for at kystområda skal få meir å seie i særleg Europapolitikken. At Møre og Romsdal no leier arbeidet med marine ressursar gir fylket ein sterkare stemme. Det er fylkesordføraren som er Møre og Romsdal fylkeskommune sin representant og stemme i Nordsjøkommisjonens årsmøte. I år møtte fylkesvaraordførar Anne Marie Fiksdal på hans vegner.

Om kvifor Møre og Romsdal fylkeskommune er medlem av kommisjonen seier fylkesordførar Anders Riise dette:

– Noreg er ikkje medlem av EU. Det betyr at politiske interesseorganisasjonar som Nordsjøkommisjonen er ein av få moglegheiter ein har for å bli høyrde i Europa. Samtidig gir engasjementet oss tilgang til kunnskapar og nettverk som igjen gir oss inngangar til større og mindre prosjekt som gagnar fylkeskommunen og bidrar til å nå måla til fylkestinget på ei rekke område. 

Kva tenker fylkesordføraren om at Henrik Stensønes er valt til å leie arbeidet til kommisjonen på hav og dei blå næringane?

– Det er i alle fall ikkje overraskande! Henrik har gjort ein glimrande jobb i arbeidsgruppa over fleire år, har bygd opp ei rolle i kommisjonen over tid og har styrt mykje av framdrifta til arbeidsgruppa i periodar der den førre leiaren har vore fråverande. Eg har full tillit til Henrik, og veit at han kjem til å representere fylkeskommunen på ein god måte og arbeide med dei måla og prioriterte områda som er vedtatt av fylkestinget. Vi har god dialog, og fylkeskommunedirektøren kjem til å følgje han godt opp, seier Riise.