Peder Kristoffer Jensvoll.
Privat
Endre Aasen.
Privat
Utviklingsstipend i tradisjonshandverk for 2026 går til Peder Kristoffer Jensvoll (21) frå Tingvoll og Endre Aasen (27) frå Kristiansund. Begge skal arbeide med nordmørsk stavlinetradisjon.
– Kjøle spennande, seier Jensvoll, som allereie har starta planlegginga av eit eige bygg og henta inn tømmer.
Aasen meiner stipendet gir etterlengta rom for fagleg utvikling: – Å få tid og ressursar til å prioritere dette, betyr mykje, seier han.
Byggjer for læring
Begge stipendmottakarane skal bygge nye konstruksjonar etter tradisjonelle metodar, hente kunnskap frå lokale tradisjonsberarar og dele erfaringar med fagmiljø i fylket.
Jensvoll skal bruke stipendet til eit eige prosjekt på heimegarden. Han har allereie hogd og klargjort tømmeret manuelt, og planlegg å sette opp ei stavline på om lag 3,7 x 6 meter.
– Dette skal bli mitt eige prosjekt, frå tre på rot til ferdig bygg. Det kjem ikkje til å gi inntekt, men er viktig for læringa, skriv han i søknaden.
Også Aasen vil prioritere praktisk arbeid framfor lønna oppdrag i ein periode.
– Stipendet gjer det mogleg å hente og lage tømmer sjølv og bygge ein eller to mindre konstruksjonar, skriv han.
Vil utvikle marknad
Aasen har tidlegare deltatt i prosjekt med stavlinebygging, og ønskjer å bli meir sjølvstendig. Han vil også dokumentere tidsbruk og kostnader i arbeidet. Målet er å gjere det enklare å prise slike bygg og legge grunnlag for eit framtidig marknad:
– Eg trur stavlinetradisjonen har same potensial som grindbygg, og kan brukast til naust, uthus eller meir utradisjonelle bygg, skriv han.
Bygga kan også bli brukt som eksempel og i kurs for barn og unge.
Fylkeskommunen peikar på behovet for fleire unge handverkarar med kompetanse innan bygningsvern som bakgrunn for tildelinga.