Stor auke i andel søkarar til yrkesfag

65 prosent av elevane i Møre og Romsdal har søkt yrkesfag. Det viser søkartala til dei vidaregåande skolane for skoleåret 2024/2025, som no er klare.

Tre elevar. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto frå Kristians vgs, teknikk og industriell produksjon. Tingh / Møre og Romsdal fylkeskommune

Søknadsfristen for dei vidaregåande skolane var fredag 1. mars.

Det var i år 3.806 søkarar til Vg1, som er ein auke på 2 prosent (92 søkarar) frå i fjor. 

Andelen søkarar til yrkesfag har auka med seks prosentpoeng samanlikna med tala for i fjor.

Andelen som søker studieførebuande er gått ned frå 41 prosent i fjor til 35 prosent i år.

– Dette er ei historisk høg søking til yrkesfag, både i prosent, men også i absolutte tal, seier Maria Enstad, leiar av inntaksseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kjønnsfordeling

Samla sett er det 53 prosent gutar og 47 prosent jenter som har søkt VG1 i år.

På yrkesfag er det 59 prosent gutar som søker (61 prosent gutar søkte i fjor); 1.440 gutar og 1.011 jenter. På studieførebuande er 59 prosent av søkarane jenter (61 prosent i fjor); 757 jenter (601 i fjor) og 531 gutar (383 i fjor).

Størst auke

Av utdanningsprogram er det Sal, service og reiseliv som har den største prosentvise auken samanlikna med fjoråret: 39 prosent (frå 126 til 175 søkarar). Deretter følger Frisør, blomst, interiør og eksponeringsdesign med 36 prosent (frå 67 til 91 søkarar) og Helse- og oppvekstfag med 25 prosent (frå 465 til 580 søkarar).

Størst nedgang

Utdanningsprogrammet med størst prosentvis nedgang i søkarar er Studiespesialisering med -22 prosent (frå 993 til 777 søkarar), Idrettsfag med -4 prosent (frå 310 til 299 søkarar) og Bygg og anleggsteknikk med -4 prosent (frå 178 til 170 søkarar).

Utdanningsprogrammet med størst andel jenter, er Frisør, blomst, interiør og eksponeringsdesign med 92 prosent (83 av 90 søkarar er jenter).

Utdanningsprogrammet med størst andel gutar, er Elektro og datateknologi med 88 prosent (353 av 401 søkarar er gutar).

Jobbar med politisk sak

Søkartala er grunnlag for den årlege politiske saka om kva utdanningstilbod som fylkeskommunedirektøren tilrår ikkje blir starta opp. Kompetanse- og næringsutvalet behandlar saka fredag 15. mars.

Tabell

Søkarar til Vg1 etter utdanningsprogram 1. ønske, ungdomsrett, alle kommunar:

UtdanningstypeUtdanningsprogramTal søkarar 1.ønske 2022/2023Tal søkarar 1.ønske 2023/2024Tal søkarar 1.ønske 2024/2025Endring siste år tal søkararEndring siste år prosent
StudieførebuandeIdrettsfag282310299-11-4 %
StudieførebuandeKunst, design og arkitektur9283961316 %
StudieførebuandeMusikk, dans og drama127134130-4-3 %
StudieførebuandeMedier og kommunikasjon171417321 %
StudieførebuandeStudiespesialisering966993777-216-22 %
YrkesfagBygg- og anleggsteknikk164178170-8-4 %
YrkesfagHåndverk, design, produktutvikling21222315 %
YrkesfagElektro og datateknologi2993404076720 %
YrkesfagFrisør, blomst, interiør og eksponeringsdesign7067912436 %
YrkesfagHelse- og oppvekstfag49646558011525 %
YrkesfagIT og medieproduksjon67787911 %
YrkesfagNaturbruk230229246177 %
YrkesfagRestaurant- og matfag11311111987 %
YrkesfagSalg, service og reiseliv941261754939 %
YrkesfagTeknologi- og industrifag515564597336 %
 Samla tal søkarar355337143806922 %
 Tal søkarar til studieførebuande148415341319-215-14 %
 Tal søkarar til yrkesfag20692180248730714 %
 Andel søkarar til studieførebuande42 %41 %35 %  
 Andel søkarar til yrkesfag58 %59 %65 %