Rektor ved Fagskolen i Møre og Romsdal, Helene Hanken
Jan Tore Øverstad
– Vi er veldig glad for den sterke auken i søkartala. Dette viser at vi treff godt med utdanningstilboda våre, og at behovet for høgare yrkesfagleg utdanning berre blir større, seier rektor Helene Hanken ved Fagskolen Møre og Romsdal.
Det er 422 søkarar som har skulen som førsteprioritet, dette er 48 fleire enn tidlegare skuleår. På nokre studium har vi ventelister, og på andre studium er det ledige studieplassar. Fagskolen opplever svært god søking til maritim utdanning generelt, og framleis god søking til prosessteknikk.
Sterk vekst i maritime søkarar
I alt har 685 personar søkt maritim utdanning ved Fagskolen Møre og Romsdal for studieåret 2025–2026. Av desse har 247 stykker Fagskolen Møre og Romsdal som si førsteprioritet. Det er ein auke på om lag 40 % samanlikna med studieåret 2024–2025. Totalt utgjer maritime studentar 67 % av søkarmassen til skulen. Fagskolen Møre og Romsdal er ein viktig utdanningsinstitusjon både regionalt og nasjonalt i utdanninga av operative sjøfolk.
Mange vil ta fleksibel utdanning
Det er svært gledeleg at det i alt er 136 søkarar til vårt nye fleksible utdanningstilbod for dekksoffiserar. Det er 53 søkarar som har utdanninga som førsteprioritet. Skulen har førebels 24 studieplassar tilgjengeleg. Utdanninga gir ei fullverdig dekksoffisersutdanning med 50 % studieprogresjon over 4 år. Utdanninga kan kombinerast med jobb.
Fagskolen Møre og Romsdal opplever òg auke i søkartala til maritime heiltidsstudium totalt sett. Det er fleire søkarar enn ledige plassar både på dekksoffisersutdanninga og maskinoffisersutdanningane. Det er 126 førsteprioritetssøkarar for opptak på 80 studieplassar innan dekksoffiser. Vi registrerer ein solid auke i søkarar til heiltidsstudia maskinoffiser ved studiested Kristiansund og dekksoffiser ved studiested Ålesund.
Det er svært gledeleg med høge søkartal til både heiltids- og deltidsstudium i Prosessteknikk i Kristiansund. Søkartala til Helsestudiet i Kristiansund og Tekniske studium i Ålesund ligg på same nivå som i fjor. Unntaket er søkartala til Bygg, som har ein reell nedgang.