Stor festdag på Linge: Dobbel ferjedåp og opningsmarkering for nye ferjekaier

Sunnmørs-vêret stod arrangørane bi då Møre og Romsdal fylkeskommune og Fjord1 inviterte til trippel feiring onsdag 2. oktober på Linge ferjekai. 

Regnet hadde tatt pause, slik at dei to høgtidelege ferjedåpane og opningsmarkeringa for dei nye ferjekaiene kunne gå av stabelen heilt ut utan at nokon vart våte. 

Det var mange som hadde møtt opp på ferjekaia på Linge for å få med seg hendinga. Valldal skulekorps og Valldal hornmusikklag sørga for å skape skikkeleg feststemning med både flott musikk og dyktige drilljenter.

Første dåp

Feiringa starta med ein velkomst frå samferdselsdirektør i fylkeskommunen, Jesper Wiig før administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, presenterte gudmor, skipsførar, verft og eigarar for MF Sunnylvsfjord. Gudmor for denne ferja var Stine Nordholmen som er kaptein i Fjord1. Ho gjennomførte dåpen med stor høgtid, og champagneflaska blei knust på første forsøk.
Då første ferjedåp var ferdig, bytte dei to ferjene plass. Mens MF Norddalsfjord vart klargjort for sin dåp, heldt feiringa fram med kaker, kaffi og svele på kaia, før det var tid for fylkeskommunen si opningsmarkering.

Talar og snorklipping

Her var det talar av fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen, dagleg leiar for entreprenør Christie, Andreas Andenæs, nestleiar av samferdsleutvalet Torgeir Dahl og ordførar i Fjord kommune, Terese Jemtegård Moen. Oppdraget med snorklipping hadde Dahl og Moen, og dei fekk god hjelp til å halde snora av fire unge representantar frå Valldal skulekorps.

Dåpsseremonien for MF Norddalsfjord følgde deretter, med same høgtidlege prosedyre som for MF Sunnylvsfjord. Her var det Helle Jensen, dagleg leiar i Geiranger Fjordservice som hadde fått det ærefulle oppdraget med å vere gudmor.

Moderne ferjer

Dei to søsterferjene som vart døypte er moderne el-ferjer som går heilelektrisk og tek 80 personbileiningar. MF Sunnylvsfjord trafikkerer Stranda–Liabygda, og MF Norddalsfjord trafikkerer Eidsdal–Linge. Begge desse sambanda er drifta av FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Og moderne kaier

Arbeidet med dei nye ferjekaiene i sambandet starta opp i august 2022, med anleggstart på Linge. Sambandet er del av Nasjonal turistveg Geiranger–Trollstigen og ein viktig del av fylkesveg 63. Oppgraderinga av ferjekaiene sørger saman med ny, større ferje for at sambandet har fått auka kapasitet, og er blitt eit moderne og effektivt tilbod til både turistar og innbyggarar. 

Festdagen på Linge vart avslutta med ein visningstur om bord i MF Norddalsfjord, der gjestane fekk moglegheita til å utforske det nye fartøyet.