Stor interesse for møte om vidaregåande opplæring

Over 650 føresette og 10. klassingar deltok på det digitale informasjonsmøtet om å søke vidaregåande opplæring denne veka.  Fekk du det ikkje med deg? Her kan du sjå opptak.

Webinaret måndag 27. oktober tok for seg fleire viktige tema om å søke vidaregåande opplæring.
•    Forskjellen mellom yrkesfag og studiespesialisering
•    Korleis ein kan gå fram for å ta eit godt val
•    Korleis søknadsprosessen fungerer

Målet med møtet var å gjere det store og vanskelege valet litt enklare for søkarane.

Mest stilte spørsmål om søking

Engasjementet var stort, og mange brukte sjansen til å stille spørsmål i chatten. Her er dei mest stilte spørsmåla med svar:

  • Korleis søke for å få skoleplass på den skolen du ønsker å gå på?
    Svar: 
    o    Du bør søke minst tre utdanningsprogram og fleire skolar på kvart utdanningsprogram. Du må sette opp 1., 2 .og 3. ønske for utdanningsprogram og aktuelle skolar i søkeportalen Vigo. 
    o    Du har rett til inntak på eit av dei tre utdanningsprogramma, men du kan ikkje sikre seg plass ved ein bestemt skole. 
    o    Det er poengsummen frå karakterane som avgjer om du får plass når det er fleire søkarar enn ledige plassar. 
    Sjå også Opplæringsloven §5-1 sjette ledd. 
  • Kva er karakterstatistikk og poenggrenser ved dei ulike skulane? Svar: På mrfylke.no, under Skole og opplæring, finn du poenggrenser.
  • Kvar blir dei ulike utdanningsprogramma og programfaga tilbydde: Svar: Denne informasjonen finn du på vilbli.no
  • Når opnar søknadsportalen Vigo? Svar: Søknadsportalen opnar 5. januar.
  • Er det mogleg å ta vidaregåande opplæring over fire år? Svar: Alle elevar i vidaregåande opplæring har ein fullføringsrett, og ein kan bruke 4 år på vidaregåande opplæring. Eleven og skolen legg ein plan for dette etter inntak og skolestart.


Dei som ikkje fekk med seg møtet, kan sjå opptaket her. 

Har du framleis spørsmål, ta kontakt med inntaksseksjonen i fylkeskommunen.