Stor stas med vegopning mellom Vindøla og Røv

Korps, skolebarn, naboar og politikarar markerte offisiell opning av den nye gang- og sykkelvegen denne veka. Betre veg og infrastruktur på strekninga er viktig for trafikktryggleik, skoleveg og næring. 

- Dette har stor betydning for utvikling i kommunen, sa ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen.  

- Ungane i området fått ein tryggare skuleveg, med gangveg og god belysning.  

Pedersen takka også innbyggarane for å ha vore tålmodige i byggeperioda, når ein no hadde det vellukka resultatet fram føre seg. I lange periodar var det lysregulering og berre eit felt ope ved Røv bru med tidvis mykje trafikk.  

- Det er vel einaste gang vi får lysregulering her i området, så da har vi prøvd det, sa ordføraren. 

Stemninga var god på opninga, til tross for 15 minusgrader. Skole, barnehage og naboar møtte opp til offisiell opning 21. november, og fekk med seg festtalar, snorklipping, bollar og brus. Mo skolekorps stod for underhaldninga. 

Trafikkert strekning 

Bustader og industri ligg relativt tett inntil den 1500 meter lange strekninga på fylkesvegen som no har fått eit kraftig løft. Vegen er skuleveg til Mo oppvekstsenter, og det passerer i gjennomsnitt 1600 køyretøy på strekninga i døgnet.  

Leiar av samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, Hans Olav Myklebust, var også til stades på opninga. Han løfta fram både trafikktryggleik og betre infrastruktur for industrien som viktige ringverknadar for vegprosjektet. Vegen er ei av fartsårane til Trondheim. 

- Vi skulle gjerne ha gjort enda meir, men det var dei pengane då, sa Myklebust.  

- Med breiddeutviding er vegen betre lagt til rette for modulvogntog, noko som er viktig for miljøet og for kostnadane for næringslivet. 

Trygg skoleveg 

Prosjektet består av ein kombinasjon av fortau, gang- og sykkelveg mellom Vindøla og Røv, og over elva Vindøla. Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen nytta anledninga til å takke entreprenøren Solberg Maskin AS for å ha gjennomført bygginga.  

- Trafikktryggleik er viktig, og vi er spesielt glade for ny og trygg skoleveg for lokalsamfunnet, sa Tønnesen.  

Solgunn Langlo og Andreas Bergby har vore høvesvis prosjektleiar og byggeleiar for prosjektet, som har blitt fullført godt innanfor kostnadsramma på 99 millionar kroner.