Med saka til samferdselsutvalet, startar Møre og Romsdal fylkeskommune den politiske behandlinga av nye ferjeanbod for Brattvåg-Dryna og Utasundsruta Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona.
Klar styrking av sambandet
For Brattvåg-Dryna foreslår fylkeskommunedirektøren ei klar styrking av sambandet samanlikna med gjeldande kontrakt, både når det gjeld kapasitet og storleik på hovudferja.
I krava til nytt anbod for Brattvåg–Dryna blir hovudferja større, med auke frå 35 til 45 PBE (personbileiningar) og frå 3 til 4 VTE (vogntogeiningar). Det blir også stilt krav om at hovudferja ikkje skal vere eldre enn byggeår 1999. For framleis å stimulere til fornying av ferjeflåten, vil fylkeskommunedirektøren blant anna nytte alder på hovudfartøyet og miljø som eit evalueringskriterium i konkurransen. Rutetilbodet skal i hovudsak vere som i dag, og krav til reserveferje blir foreslått som i dag.
Bakgrunnen er at dagens kontrakt for sambandet Brattvåg-Dryna går ut 31. desember 2028. Sambandet ligg i dag i kontrakten «Ytre 2022–2028» saman med Utasundsruta. Fylkeskommunedirektøren tilrår at Brattvåg–Dryna blir lyst ut som eigen kontrakt for perioden 1. januar 2029 til 31. desember 2033.
Inn i Romsdalspakken frå 2034
I saka om «rammer for arbeidet med framtidige ferjeanbod», som vart vedtatt av fylkestinget i april, er det lagt til grunn at Brattvåg–Dryna seinare skal inngå i «Romsdalspakken» frå januar 2034. Den komande kontrakten blir difor avgrensa til fem år.
På Brattvåg er ny ferjekai under planlegging og arbeid, medan Dryna nyleg har fått oppgradert køyrebru og brubås. Nye kaier legg til rette for større og meir robuste fartøy og skal bidra til å handtere venta trafikkutvikling og sikre trygg og stabil drift.
Utasundsruta: Ferjekapasitet som i dag
For Utasundsruta, sambandet Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona, blir ferjetilbodet lyst ut som eigen kontrakt når dagens avtale går ut ved årsskiftet 2028/2029. Her blir ferjestorleik og kapasitet vidareført som i dag, i tråd med vedteken kaistrategi som avgrensar moglegheita for kapasitetsauke.
Prosessen går no inn i ein politisk fase. Foreløpige utkast til anbodsdokument var på høyring i mars 2026. Sakene skal først bli behandla i samferdselsutvalet, deretter i fylkesutvalet, før fylkestinget tar endeleg avgjerd i juni. Planen er kontraktssignering i desember 2026 og oppstart av nye ferjeoppdrag 1. januar 2029.
Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for samferdselsutvalet måndag 11.-12. mai