Ulsteinvik.
Per-Kristian Bratteng
Vedtaket blei gjort einstemmig onsdag 21. oktober. Alle dei 11 representantane stemte for, og ingen stemte mot. Pengane går til Ulstein Næringsforum frå ordninga «Utvikling av framtidsretta lokalsamfunn».
To tiltak i Ulstein
Tilskotet skal brukast til to tiltak: Å utarbeide ein fargepalett for Ulsteinvik sentrum og å detaljprosjektere Arthurparken. Støtta frå fylkeskommunen er avgrensa til 49,8 prosent av totalkostnaden og føreset at prosjektet blir fullfinansiert.
Den samla kostnadsramma er 1.225.000 kroner. I tillegg til 610.000 kroner frå fylkeskommunen omfattar finansieringsplanen eigeninnsats frå Ulstein Næringsforum, Ulstein kommune, næringslivet og grunneigarar.
Ein del av Trivselsgata
Arthurparken er planlagt som ein del av Trivselsgata frå rådhuset til Thon kjøpesenter. I saksframlegget blir parken omtalt som det første byrommet i Møre og Romsdal med ei naturbasert løysing som søker støtte frå tettstadmidlane. Fargepaletten skal gi offentlege og private aktørar eit grunnlag for å ta gode val om mellom anna fargar og material i sentrum.
Prosjekta er del av det langsiktige arbeidet med å utvikle Ulsteinvik sentrum og den såkalla «300-metersbyen». Fylkeskommunen vurderer at tiltaka kan bidra til eit meir attraktivt og levande sentrum og heve kvaliteten på offentlege byrom.
Tilskotet er løyvd frå avsett ramme for tilskot til tettstadutvikling til kommunar.
Møteprotokoll og saksframlegg for kompetanse- og næringsutvalet onsdag 21. oktober