Støttar fylkesdeltaking på havbruksmesse

Kompetanse- og næringsutvalet løyver 1,1 mill. kr til fylkespaviljong på Aqua Nor 2025.

teikning av stand i kvitt og blått - Klikk for stort bileteIllustrasjon av fylkespaviljong. Doxacom AS

Med løyvinga på inntil 1 100 000 kr frå kompetanse- og næringutvalet vil fylkeskommunen også neste år delta med ein fylkespaviljong på Aqua Nor.

Messa er ei av verdas største havbruksmesser, og vert arrangert i Trondheim annakvart år.

Møre og Romsdal fylke har stilt med felles stand tre gongar, sist i 2023. Då var det 16 bedrifter med eigne stands på paviljongen, i hovudsak bedrifter som jobbar opp mot teknisk eller digital leverandørindustri. I tillegg hadde Molde og Romsdal Havn IKS ein fellesstand i lag med Aukra kommune, Hustadvika kommune og Molde kommune.

Fylkespaviljongen har i tillegg til utstillarområde eit felles mingleområde, inkludert ein «sjømatbar» med smaksprøver av sjømat frå fylket.

Doxacom AS er hyra inn som prosjektleiar med ansvar for planlegging og koordinering av messedeltaking.

Tidlegare år har deltakinga på Aqua Nor vore eit felles arrangement med Vestland.