Fylket har smellvakker natur, men det er ikkje trekkplaster nok for arbeidstakarar. Dei tre handelsforeiningane i Ålesund-, Molde-og Kristiansundsregionen får støtte til stort omdømmeprosjekt.
Ellisiv Bræin
Den 5. juni løyvde eit samstemt kompetanse- og næringsutval tre mill. kroner til dei tre næringsforeiningane. I lag skal dei gjennomføre eit krafttak for å rekruttere arbeidskraft til fylket og styrke omdømmet.
Bakgrunnen for prosjektet er utfordringane dei tre foreiningane avdekte i eit forprosjekt. Nokre er felles, andre er meir unike for sin region.
- Bedrifter slit med å rekruttere rett kompetanse
- Regionen blir oppfatta som lite attraktiv
- Arbeidsmarknaden er lite kjent, men folk som bur her trivest
- Marknaden er oppfatta som einsidig, maskulin og lite inkluderande.
Gjennom prosjektet som no får støtte skal foreiningane ta tak i utfordringane. Nokre tiltak vil vere felles, andre vil vere unike for kvar regionen, men framdrifta skal vere i same takt.
Det vil handle om rekruttering, synleggjering, vertskapsrolla og ein felles strategi, koordinering og omdømmekartlegging.
Prosjektet skal blant anna skape faglege nettverk, ta i bruk gode kommunikasjonskanalar for å vise fram karrieremoglegheiter, bygge regional identitet, ta vare på nye innbyggarar og styrke vertskapsrolla, bygge vidare på eksisterande fortrinn, etablere styreportal og drive profileringsarbeid.
Samarbeidet som vart etablert mellom aktørane i forprosjektet vil også halde fram i hovudprosjektet, som skal gå frå 2024-2025. Kvar næringsforeining vil få ein million kvar.