Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak legg fram forslag til økonomiplan.
Per-Kristian Bratteng
Det går fram av saka Økonomiplan med handlingsprogram 2025-2028 med budsjett 2025, som no blir sendt til politisk behandling. Fredag presenterte fylkeskommunedirektøren forslaget, og du kan frå fredag 1. desember kl. 10.30 sjå framlegget her.
Fylkeskommunedirektøren har tidlegare varsla politikarane om den krevjande økonomiske situasjonen som fylkeskommunen er i, som betyr at drifts- og investeringsnivået framleis må ned. Og sjølv om forslaget til statsbudsjett inneber at behovet for driftsreduksjonar i 2025 blir noko mindre enn tidlegare antyda, er det heilt nødvendig å tilpasse aktiviteten på fleire område.
– Store utfordringar framover
– Møre og Romsdal fylkeskommune har store utfordringar i åra som kjem. Dei tre største er ein vedvarande svak fylkeskommuneøkonomi, lågare overføringar frå staten på grunn av færre ungdommar i alderen 16-19 år, samt aukande behov for vedlikehald og investeringar i bruer, tunnelar og anna veginfrastruktur, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.
Fleire andre fylkeskommunar i landet står i same situasjon som Møre og Romsdal, og ser mellom anna på skole- og tilbodsstruktur, reduksjon i kollektivtilbod og auke i kollektivtakstane.
Nokre av forslaga til tiltak
Blant tiltaka i drifta som fylkeskommunedirektøren tilrår i økonomiplanperioden 2025-2028, er:
- Reduksjon i rutetilboda på ferjer frå 1.5.2025
- Takstauke på ferjene; éi takstsone på betalsamband frå 2025. Dessutan fem takstsoner for turistar på gratissamband og Eidsdal-Linge i perioden frå mai til og med august, gjeldande frå 1.5.2025
- FRAM Ung: Senke øvre aldersgrense frå 24 til 19 år. Auke i pris med 24 prosent, frå dagens 450 kroner til ca. 560 kroner. Gjeldande frå 1.1.2025
- Nedlegging av Tingvoll vgs. frå 1.8.2025
- Samanslåing av Stranda vgs. og Sykkylven vgs frå 1.8.2025
- Avvikling av studiespesialisering og YSK ved Hustadvika vgs frå 1.8.2025
Frå 2026 og utover er det lagt inn fleire nye tiltak m.a. nedlegging av Hamnsundruta (hurtigbåt) frå 1.1.2027
Foreslår å styrke enkelte rammer
Men det er ikkje berre føreslått innsparingar. Det er i budsjettet for 2025 også innarbeidd styrkingar av enkelte rammer:
- 74 mill. kroner meir til fylkesveg
- 62 mill. kroner til samferdselsområdet for kompensasjon for svikt i kollektiv-inntektene
- Vidaregåande skolar er styrka med 11,7 mill. kroner som følgje av vidareføring av åtte norskopplæringsklassar våren 2025
- Vidaregåande skolar er styrka med 15 mill. kroner etter at dei etter inntaket for skoleåret 2024-2025 måtte opprette seks klassar utover det som var føresett
- Tannhelsetenestene er styrka med 10 mill. kroner som følge av styrking av tilbodet for eldre med rettar i den offentlege tannhelsetenesta.
– Arbeidet med omstilling av fylkeskommunen vil med det som er foreslått av endringar og tiltak i økonomiplanen ikkje vere ferdig. Vi vil måtte arbeide vidare med nivået på tilbod og gjennomføre strukturelle grep også framover for å nå eit berekraftig nivå på økonomien, seier fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak.
Med framlegginga fredag, blir forslaget til Økonomiplan 2025-2028 og budsjett 2025 sendt til politisk behandling, først i hovudutvala den 11. november, fylkesutvalet 25. november før endeleg vedtak i fylkestinget 10.-11. desember.
Innbyggarar, organisasjonar og andre kan sende innspel til fylkeskommunedirektøren sitt framlegg til Økonomiplan 2025-2028 kan sendast inn på dette skjemaet.
Nøkkeltal budsjettforslaget 2025
Totale driftsinntekter (i tusen kroner) | 8.008.293 |
Totale driftsutgifter (i tusen kroner) | 7.625.777 |
Driftsresultat i prosent av driftsinntekter | 4,30 % |
Renteutgifter (i tusen kroner) | 393.500 |
Netto lånegjeld (i tusen kroner) | 10.356.640 |
Årlege investeringar (i tusen kroner) | 1.298.668 |
Disposisjonsfond | 4,60 % |
Fylkeskommunedirektøren sitt forslag til Økonomiplan med handlingsprogram 2025-2028 med budsjett 2025 skal til behandling i alle dei tre hovudutvala. Du kan lese sakspapira i møtedokumenta for hovudutvala:
Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for samferdselsutvalet måndag 11. november kl. 10.30.
Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for kultur- og folkehelseutvalet måndag 11. november kl. 10.30.
Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for kompetanse- og næringsutvalet måndag 11. november kl. 10.30.