Vedtaket gjeld midlar til etablering og utvikling av studiesenter i fylket.
2,3 mill. til Sykkylven
Fylkeskommunen løyver 2.300.000 kroner til Sykkylven næringsutvikling for å etablere Studiesenter Sunnmøre. Midlane skal gå til oppstart og drift i perioden 2026–2027.
I tillegg får Inviro AS inntil 420.000 kroner til eit forprosjekt for StudieHUB Søre Sunnmøre. Prosjektet skal kartlegge behov og legge grunnlag for vidare drift av eit studiesenter i regionen.
Kan ta utdanning der dei bur
Ordninga skal bidra til meir fleksible og desentraliserte utdanningstilbod i distrikta, slik at fleire kan ta utdanning der dei bur. I oktober i fjor tildelte kompetanse- og næringsutvalet 4,5 millionar kroner til etablering av Studiesenteret Romsdal.
I år kom det inn fem søknadar til ordninga. Utvalet vedtok at dei tre som var innstilt til avslag får ny behandling i neste utvalsmøte.
Midlane til ordninga er øyremerka frå statsbudsjettet.
Saksframlegg og møteprotokoll frå kompetanse- og næringsutvalet 11. juni