Suksess for Nettskolen: Elevtalet dobla på eitt år

Fleksibel opplæring, tett læraroppfølging og gode resultat har gitt sterk vekst for Nettskolen Møre og Romsdal. På eitt år har talet på deltakarar auka frå 175 til om lag 350.

Portrettbilde Kristian Vold sit ved laptop smiler i kamera - Klikk for stort bileteKristian Vold er leiar for Nettskolen Møre og Romsdal. Jan Ragnvald Eide

Den største veksten kjem blant vaksne som tar fag for studiespesialisering.

– Veksten viser at vi dekkjer eit behov som ikkje har vore dekt tidlegare, seier leiar for Nettskolen, Kristian Vold.

Størst auke i studiespesialisering

I år reknar Nettskolen med om lag 250 vaksne deltakarar innan studiespesialisering, 70 deltakarar i fellesfag gjennom ressurssentra for yrkesfag og 35 elevar i programfag språk på VG3-nivå.

Interessa er større enn kapasiteten. I dag ventar 69 personar på plass til neste skoleår.

– Vi kunne tatt inn fleire, men må byggje eit tilbod som fungerer over tid. Det krev godt samarbeid mellom skolar og lærarar, seier Vold.

Fleksibel opplæring på nett

I Nettskolen kan deltakarane ta vidaregåande opplæring uavhengig av kvar dei bur. Undervisninga er nettbasert og bygd opp rundt sjølvstendig arbeid, faste vekesoppdrag og jamleg kontakt med lærar. Med undervisning både på dag- og kveldstid kan deltakarane tilpasse opplæringa til sin eigen kvardag.

Nettskolen har 21 lærarar fordelte på om lag 8,5 lærarstillingar. Dei fleste er frikjøpte frå vidaregåande skolar i fylket.

Svært gode tilbakemeldingar

Resultata er gode. Etter det første heile skoleåret rapporterer Nettskolen om høg gjennomføring, få stryk og svært fornøgde deltakarar. I brukarundersøkinga fekk tilbodet 5,47 av 6 i snitt.

– Vi får oftare skryt enn klagar. Det er fantastisk, seier Vold.

Han meiner suksessen kjem av at tilbodet er tilpassa vaksne. Deltakarane kan velje mellom undervisning på dag- og kveldstid, jobbe sjølvstendig og få tett oppfølging frå lærarane. Nettmøta kan følgjast når det passar den enkelte.

– Med lange avstandar og mange bygder må vi gi folk eit tilbod som fungerer der dei bur, seier Vold.