Nokre av dei tilsette ved Sula Vekst viser fram noko av det dei produserer. Bildet er tatt ved eit anna høve.
Sula Vekst AS
– Sula Vekst står fram som eit forbilde på korleis varig tilrettelagt arbeid kan kombinerast med innovasjon, verdiskaping og høg kvalitet i leveransane, seier leiar av utvalet, Geir Stenseth.
Stolt dagleg leiar
Dagleg leiar Øyvind Vebenstad i Sula Vekst AS seier det er heilt fantastisk å bli kåra til årets bedrift.
– Vi er stolte, takknemlege og audmjuke for å få prisen. Vi er ein hjørnesteinsbedrift i Sula kommune og har medarbeidarar som står på kvar dag med sine utfordringar, som kanskje mange andre ikkje står i. At dei er ein del av arbeidslivet og næringslivet, er berre imponerande, seier Vebenstad.
Han vil også løfte fram innsatsen til alle arbeids- og inkluderingsbedrifter.
– Denne prisen deler eg med dei, seier Vebenstad.
Eksporterer til over 60 land
Sula Vekst har om lag 31 arbeidsplassar i varig tilrettelagt arbeid (VTA) i tillegg til ordinært tilsette. Bedrifta driv innan vaskeri, sy og segl, miljø- og brenseltenester samt maritim produksjon – der fleire produkt blir eksporterte til over 60 land. Kompetanse- og næringsutvalet legg særleg vekt på kor viktig bedrifta er for personar som står utanfor ordinært arbeidsliv, og korleis verksemda kombinerer profesjonell drift med eit tydeleg inkluderingsoppdrag. Arbeidstakarar i VTA sit både i styret og arbeidsmiljøutvalet.
Omsetter for 26 mill. kr
I 2024 hadde verksemda ei omsetning på 26 millionar kroner, god likviditet og stabil drift. Den maritime satsinga står for ein stor del av inntektene og har styrkt posisjonen i krevjande marknader.
Sula Vekst har dei siste åra gjennomført omfattande miljøtiltak med ny fasade, energireduksjon og varmepumper, og deltek i prosjektet Grønn Arena. Dei arbeider òg aktivt med sirkulære prosessar, mellom anna gjenbruk av materialar.
Fleire utmerkingar
Kåringa kjem i kjølvatnet av fleire nasjonale utmerkingar, mellom anna prisen Årets vekstbedrift i ASVL i 2024 og nominasjon til Årets Teamwork 2025.
Formålet med prisen er å motivere og inspirere næringslivet i fylket til innsats for samfunnet. Prisen blir delt ut på fylkestinget 21. april.
Tidlegare vinnarar av Årets bedrift