Svakare vekst i folketalet i fylket

I 2024 var det svakare vekst i folketalet i Møre og Romsdal samanlikna med dei to føregåande åra. Dette viser dei siste befolkningstala frå Statistikk sentralbyrå (SSB). 

Mens folketalet auka med 0,9 prosent (2.517 personar) i 2022 og 0,8 prosent (2.259 personar)  i 2023, var auken i 2024 på 0,7 prosent. Ved inngangen av 2025 er det 272.413 innbyggarar i fylket, ein auke på 1.789 personar samanlikna med 1. januar 2024. 

Nasjonalt auka folketalet i 2024 med 44.137 personar eller 0,8 prosent, som gir eit folketal 1. januar 2025 på 5.594.340 personar. Veksten i folketalet i fylket var med andre ord om lag som nasjonalt i 2024. 

Nedgang i innvandringa

Sjølv om det var i eit lite fødselsoverskot i fylket i 2024 er det innvandringa som er hovudårsaken til veksten i folketalet. I 2024 var det ei nettoinnvandring til fylket på 2 005 personar, ein nedgang frå 2023 på 633 personar.

Det innanlandske flytteunderskotet var på -333 personar mot -402 personar i 2023. Det er viktig å merke seg at innvandrarar som kjem til ein kommune via eit flyktningmottak blir rekna som ei innanlandsk flytting. Det gjer at det i periodar med mykje innvandring, er vanskeleg å tolke den innanlandske flyttinga. 

I tal personar var det Ålesund som hadde den største veksten i folketalet, med ein folkevekst i 2024 på 689 personar. Aukra kommune hadde sterkaste vekst i prosent med 2,2 prosent auke i folketalet i 2024.  

Auke i talet på fødslar

Med fødselstal heilt nede i 2.336 og 2.343 fødde i 2022 og 2023, er det no gledeleg at fødselstala peikar i riktig retning. I 2024 vart det i fylket fødd 2.483 barn ein oppgang på 140 barn frå 2023. Det er viktig å leggje til at det framleis blir fødd få barn i fylket, til dømes vart det fødd 2.670 barn i 2021 og 3.076 barn i år 2000. Vi er med andre ord eit stykke unna fødselstala ved tusenårsskifte.

Talet på døde i fylket var i 2024 på 2.372, ein oppgang frå 2.339 døde i 2023. Samanstillar vi talet på døde med talet på fødde får vi eit fødselsoverskot på 111 personar i 2024. Dette er ei klar forbetring samanlikna med 2023, då det i fylket var eit fødselsoverskot på berre fire personar. Sjølv om det er fødselsoverskot for fylket som heile, er det likevel 16 kommunar i fylket som hadde fødselsunderskot i 2024.