Svært gode resultat i brukarundersøkinga.
Magnar Fjørtoft
Det viser ei brukarundersøking gjennomført i februar ved dei offentlege klinikkane.
97 prosent opplever at dei blir tatt imot på ein respektfull og hyggeleg måte, 94 prosent vurderer tannhelsepersonellet som fagleg dyktige, og 93 prosent er nøgde med besøket ved tannklinikken.
– Dette stadfestar at tenesta i stor grad blir opplevd som trygg og profesjonell, seier fylkestannlege Tone Nord.
Brukarundersøkinga retta mot pasientar ved den offentlege tannhelsetenesta i fylket er eit viktig verkemiddel for å få kunnskap om kvalitet og pasientopplevingar. Av pasientane som samtykte til å delta, var svarprosenten om lag 30 prosent.
Undersøkinga peikar samtidig på enkelte område der tenesta kan utviklast vidare, særleg knytt til tilpassa informasjon og kommunikasjon med pasientane.
Erfaringane frå brukarundersøkinga vil inngå som ein del av grunnlaget for det vidare arbeidet med kvalitet og pasienttryggleik, og bidra til å vidareutvikle ei god og likeverdig tannhelseteneste for innbyggjarane i Møre og Romsdal.