Svingande jazzrytmar då Jazzlogen fekk kulturprisen

Dei unge musikarane i Jazzlogen sto sjølv for underhaldninga då dei vart tildelt Fylkeskulturprisen 2023.

Med fylkespolitikarar som publikum marsjerte dei fram i møtesalen, der dagleg leiar Nils Gunnar Solli i Molde Janitsjar, prosjektleiar Arild Grønsberg i Jazzlogen, tubaist David Gald i Ytre Suløens Jassensemble og dagleg leiar Endre Volden i Moldejazz sto med blomster og diplom etter å ha blitt tildelt prisen. 

Prisen vart delt ut av fylkesordførar Anders Riise og leiar av kultur- og folkehelseutvalet Jessica Gärtner. Gärtner sa under utdelinga at dei som vinn prisen skal vise evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats:

– Vi er utruleg stolte av å gje prisen til ein organisasjon som har markert seg gjennom fleire tiår som ein samlande kraft for musikkinteressert ungdom i heile fylket vårt. Samtidig er Moldejazz heldige som har eit paradeband som samlar folk i Storgata kvar einaste dag gjennom heile festivaluka.

– Det handlar om folkehelse, om fellesskap og det å høyre heime ein plass. Jazzlogen skapar liv og røre under heile veka i Moldejazz. Samtidig bidrar dei til å rekruttere unge musikarar og fornye det kulturelle tilbodet for og i heile fylket vårt, sa Gärtner.

Solli og Grønsberg takka for prisen og la vekt på betydninga Jazzlogen har for Moldejazz, for det gode tilbodet til unge og for rekrutteringa til musikklivet.

– Prisen stadfester jo at det ungdommane held på med blir verdsett i fylket, og då er det anerkjent å vere med i Jazzlogen, seier Grønsberg.

Også Ytre Suløens Jassensem takka for prisen.

– Lite ante vi den gongen i 1995 at Jazzlogen skulle bli ein slik suksesshistorie. I Ytre Suløens Jassensemble set vi utruleg stor pris på heideren, for alle desse 28 åra som vi har bidratt. Vi ser på det som ei anerkjenning for jobben vi har gjort som inspiratorar og mentorar for denne flotte gjengen med jazzungdom, seier David Gald i Ytre Suløens Jassensemble.

Dagleg leiar Endre Volden i Moldejazz gratulerte og takka Molde Janitsjar, Jazzlogen og Ytre Suløens Jassenseble for arbeidet dei gjer.

– Og for at Moldejazz kvar dag i uke 29 kan dra av gårde med noko som ikkje liknar Noreg i det heile tatt. Då kokar det Europa i gatene her i Molde, sa Volden.

Du kan sjå videoen her: