Sykkylven kommune får 3,2 mill. kroner til omstilling

Sykkylven kommune har fått løyvd eit tilskot på 3,2 mill. kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune til å gjennomføre det femte året av omstillingsprogrammet «Omstilling Sykkylven». 

Vedtaket var einstemmig i kompetanse- og næringsutvalet.

Målet med omstillingsprogrammet er å skape ein meir robust og variert næringsstruktur, styrke utviklingsevna til næringslivet og kommunen, og legge til rette for nyetableringar innan fleire bransjar. 

Mål for programmet

Programmet har som mål å skape 170 nye arbeidsplassar i perioden 2021-2026. Så langt har prosjektet bidratt til å skape 71 nye arbeidsplassar og støtta 16 lokale bedriftsutviklingsprosjekt og fire fellesprosjekt for opplevingsnæring og sentrumsutvikling.

I 2025 skal omstillingsarbeidet ha eit samla budsjett på 6.690.000 kroner, og ein skal arbeide innanfor tre innsatsområde: 

  • Skaparglede i heile næringslivet 
  • Samarbeid og nettverk 
  • Attraktivitet og rekruttering 

Regionalt samarbeid

Prosjektet har også valt «Regionsbygger» som hovudtema for 2025, med mål om å styrke regionalt samarbeid og bygge alliansar på tvers av kommunegrenser og organisasjonar. Dette skal bidra til å gjere næringslivet i Sykkylven og nabokommunane meir robust og mindre sårbart for konjunktursvingingar.

Bakgrunnen for omstillingsprogrammet er utfordringane som oppstod då Ekornes permitterte nesten heile arbeidsstokken i starten av covid-19-pandemien. Sjølv om møbelsalet tok seg opp igjen, viste situasjonen behovet for eit meir variert næringsliv i Sykkylven. Prosjektet har sidan oppstarten i 2021 jobba systematisk med å utvikle nye produkt og vende seg mot nye bransjar.

Ekstern sluttevaluering

Sykkylven kommune, saman med Sykkylven næringsutvikling og Sykkylven industri- og næringslag, skal no planlegge korleis prosjektet skal førast vidare etter prosjektperioden, og sikre at gevinstane blir realisert. Det er også planlagt ei ekstern sluttevaluering av prosjektet i samarbeid med fylkeskommunen og Innovasjon Norge for å sikre at erfaringane blir tatte med vidare i framtidige omstillingsprosjekt.

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet 18. mars