Dei som deltok: Lars Eirik Rødstøl frå Statens vegvesen , Olea Kvalsvik frå Norsk Motorcykkel Union . Frå Fylkesvegavdelinga deltok ; Brynjulv Eide , Kåre Berge , Sindre Skogvold, Torunn Hopen og Henny Totlandsdal.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Fredag 13. juni var fylkesvegavdelinga, NMCU og Vegvesenet på synfaring langs fylkesveg 63 mellom Valldal og Geiranger. Målet var å kartlegge utfordringar for motorsyklistar og finne enkle tiltak som kan betre tryggleiken.
Fylkesveg 63 har i turistsesongen mykje trafikk og mange motorsyklistar.
Eit ledd i nasjonal tiltaksplan
Synfaringa er eit resultat av MC-forum Møre og Romsdal sitt arbeid, og eit ledd i oppfølginga av Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerheit på veg 2022–2025. Planen legg vekt på samarbeid mellom vegstyresmakter og MC-miljøet for å identifisere kritiske punkt langs vegane. I planen står det mellom anna: «NMCU vil i samarbeid med veieierne ta initiativ til og delt på, veibefaringer og temainspeksjoner med særlig fokus på kritiske forhold på vei, sideterreng og optisk ledning for motorsykkel.»
Under synfaringa vart det sett på fleire forhold som påverkar MC-tryggleiken.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Under synfaringa vart det sett på fleire forhold som påverkar MC-tryggleiken: dårleg sikt i svingar, høge asfaltkantar, manglande rekkverk og varierande vegdekke. Desse faktorane kan vere særleg farlege for motorsyklistar, som er meir utsette enn andre trafikantar.
Stor effekt utan å koste mykje
Tiltak som betre sikt, jamnare asfalt og betre merking kan ha stor effekt utan å koste mykje. Slike synfaringar er derfor viktige for å fange opp detaljar som ikkje alltid kjem fram i vanlege inspeksjonar.
Konklusjonen etter synfaringa er at ein gjennom driftskontraktene kan gjere enkle utbetringar som ikkje nødvendigvis er kostnadskrevjande. Dette ved at ein har større merksemd på denne utsette trafikantgruppa når ein driftar vegen.
Frå Statens vegvesen deltok Lars Eirik Rødstøl, og frå NMCU møtte Olea Kvalsvik. Fylkesvegavdelinga var representert ved Brynjulv Eide, Kåre Berge, Sindre Skogvold, Torunn Hopen og Henny Totlandsdal.