Synne Strøm Astad tilsett som nytt elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkesting vedtok i møte 23. april å tilsette Synne Strøm Astad  som nytt elev- og lærlingombod i fylket. Ho tek til i stillinga 1. august, og overtek etter Tove Regine Stranden.

Smilande kvinne i kontorlandskap - Klikk for stort bileteSynne Strøm Astad er elev- og lærlingombod hos Møre og Romsdal fylkeskommune frå 1. august 2025 Jan Ragnvald Eide

Strøm Astad har bachelorgrad i pedagogikk og psykologi, og ein mastergrad i rådgiving frå NTNU. Ho kjem frå stillinga som seniorrådgivar i NAV.
Strøm Astad ser fram til å ta fatt på jobben.

– Eg gler meg skikkeleg. Eg ser mest fram til å møte elevane og lærlingane, tale deira sak og vere på laget deira, seier Strøm Astad. 

Fylkesordførar Anders Riise ønsker henne velkommen til stillinga:

– Elev- og lærlingombodet spelar ei viktig rolle i å sikre at unge i utdanning og opplæring får ei god og trygg oppleving. Vi er glade for å få med oss Synne Strøm Astad, som har solid kompetanse og engasjement for ungdom sine rettar. Ho vil vere eit viktig talerøyr for elevane og lærlingane i fylket.

Møteprotokoll frå fylkestinget 23. - 24. april