Hel tørka melorm.
Sorentio
I kvalifiseringsprosjektet er det undersøkt korleis makroalgar (tang og tare) kan brukast som fôrtilskot til gule mjølormar, ei lovande proteinkjelde for husdyr og oppdrettsfisk. Mjølormar som fekk moderate mengder moste makroalgar i fôret, auka vekta med 50 prosent samanlikna med kontrollgrupper utan tilskot. Det tyder på at insektprotein kan produserast meir effektivt og lønnsamt.
Beheld kvalitet og tryggleik
Bruk av tang og tare i fôr går ikkje utover kvalitet eller tryggleik. Proteininnhaldet vart noko redusert, medan feittinnhaldet auka. Nivået av uønskte stoff var godt under grenseverdiane for dyrefôr.
Bruk av lokale råvarer som tang og tare kan redusere behovet for importerte fôrressursar og bidra til ei meir sirkulær og miljøvennleg verdikjede. Prosjektet har òg utvikla metodar for bruk av slike råvarer i insektoppdrett, som gir grunnlag for vidare utvikling og kommersialisering.
Kan forbetre veksten hos mjølormar
Resultata frå kvalifiseringsprosjektet viser at dette kan vere eit første steg mot ei meir berekraftig og robust mat- og fôrproduksjon. Møreforsking og Norinsect vil arbeide vidare med å identifisere vekstfremjande komponentar i makroalgar som kan forbetre veksten hos mjølormar. Målet er å utvikle ein konkurransedyktig og berekraftig norsk insektindustri.
Eit kvalifiseringsprosjekt er ei tidleg prosjektfase der ein testar potensial, om det er mogleg å gjennomføre, og kunnskapsgrunnlag før eventuell vidare satsing.