Tannhelsetenesta styrkar kunnskapen om barnemishandling

Barn og ungdom som er utsett for vald, overgrep eller vanskjøtsel kan ofte ha nedsett oral helse. No får alt tannhelsepersonell i fylket meir kunnskap om korleis dei kan avdekke barnemishandling og korleis dei skal handle.

Bilde viser to tannlegar med utstyr og munnbind. - Klikk for stort bileteDen offentlege tannhelsetenesta møter barn regelmessig gjennom innkalling til undersøkingar. No får dei auka kunnskap om barn i risiko og oral helse. Erik Birkeland

Den offentlege tannhelsetenesta er den einaste helsetenesta som kallar inn barn og unge til regelmessig undersøking gjennom heile oppveksten, og dermed kan følge barna si utvikling og orale helse gjennom barne- og ungdomsåra. No får alle dei 26 tannhelseklinikkane i fylket meir kunnskap om kva som er faresignala og kva skal dei gjere om dei oppdagar teikn på at noko er gale.

- Barn og ungdom som er utsett for vald, overgrep eller vanskjøtsel kan ofte ha nedsett oral helse, auka tannbehandlingsbehov og auka vegring mot tannbehandling. Det er viktig at vi gjer tannhelsepersonell trygge i rolla si om korleis vi kan avdekke dette og korleis vi kan følgje det opp, seier fylkestannlege Tone Nord i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Plikt til å melde frå

Den offentlege tannhelsetenesta har eit samarbeid med barneverntenesta, og tannhelsepersonell har plikt til å melde dersom det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla, eller utsett for anna omsorgssvikt. I tillegg har tannhelsepersonell ansvar for å førebygge, avdekke og hindre vald og seksuelle overgrep. 

Målet med opplæringsprogrammet  som no vert rulla ut i fylket, er å sette fokus på kva som gjer tannhelsepersonell bekymra ved barne- og ungdomspasientar, gi refleksjon, og gi større tryggheit for korleis dei skal avdekke vald og overgrep og korleis dei skal handle.

Forskingsprosjekt

Kurset ‘Kunnskapsreisen for tannhelsepersonell’ er ein del av forskingsprosjektet «Barn i risiko og oral helse», og bygger på den Amanda-nominerte dokumentarfilmen «Alt det jeg er» av Sant & Usant. Filmen omhandlar ei jente som har ein barndom prega av overgrep, frykt og tausheit. Den tar opp korleis er det å leve med traume og korleis møter samfunnet ein ung vaksen som Emilie.

Kunnskapsreisa er utarbeidd av Educational Storytelling som også har produsert tilsvarande opplæringsmateriell for tilsette i skule, barnehage og NAV.

Her finn du alle tannklinikkane våre