29. oktober tok byggherre Møre og Romsdal fylkeskommune formelt over Spjelkavik Arena, frå totalentreprenøren Consto AS, og no er hallen klar til bruk. Allereie måndag kjem dei første elevane frå Spjelkavik vidaregåande. Det gler prosjektleiar Therese Giskeødegård Osvik som har fulgt prosjektet sidan første spadetak i september 2022.
-Eg kjenner meg heldig som har fått vere med å bygge eit slik storstove. Eg gler meg til å sjå hallen i bruk. Vi er veldig fornøgde med levaransen frå totalentreprenøren Consto og samarbeidspartnarar, seier Osvik.
Spjelkavik Arena er bygd som idrettshall i tilknyting til Spjelkavik videregående skole. Den rommar lokale til kroppsøving og idrettsfag, samt lokale til kampsport, i tillegg til vrimleareal, garderobar og lager.
No blir hallen tatt i bruk fortløpande. Elevar frå Spjelkavik vgs har idrettsundervisning frå veke 45, og i desember er det klart for kampsport. Over nyttår vil Ålesund kommune nytte fasilitetane. Formell opningsmarkering blir mest sannsynleg på nyåret.
Dette er Spjelkavik Arena:
Byggherre Møre og Romsdal fylkeskommune (MRFK)
- Ca. 6700m2 BTA
- Dobbel idrettshall, kampsportsal, styrke – og uthaldenheitsrom, undervisning/- klubblokale mm.
- Kroppsundervisning på dagtid, breiddeidrett på kveldstid og helg
- Tilrettelagt for store idrettsarrangement med 2300 publikummere, Deler av hallflata har 13m fri høgde og tilfredsstiller internasjonale krav til volleyball, sportsdrill, drill og rytmisk sportsgymnastikk. Tilrettelagt for topphandbal
- Tilrettelagt for messer og kulturelle arrangement
Prosjektramma er 327. 4 MNOK.