Teatret Vårt er Årets regionbyggar 2025

Under årets Nyttårskonferanse fekk regionteateret Teatret Vårt tildelt prisen Årets regionbyggar 2025.

Kristian Lykkeslet Strømskag og Zezé Kolstad frå Teatret Vårt tok i mot prisen for Årets Regionbyggar 2025 frå fylkesordførar Anders Riise. Møre og Romsdal fylkeskommune

Til ståande applaus frå salen tok teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag og kunstnarisk leiar for avdeling barn og unge i Ålesund, Zezé Kolstad i mot prisen på vegner av Teatret Vårt under middagen på Nyttårskonferansen i Bjørnsonsalen torsdag kveld.

– Det er ei stor ære å bli løfta fram på denne måten. Å bli sett og verdsett for arbeidet vi legg ned, betyr mykje for oss alle, sa Strømskag då han tok i mot prisen.

Motivert av prisen

Juryen seier i si grunngiving at teateret har opna auger, skapt emosjonelle augneblinkar, provokasjonar, glede og kanskje også skremsel.

– Å vere ein regionbyggar er ikkje berre eit fint ord for oss – det er sjølve grunnlaget for det vi gjer. Det ligg i alt arbeidet vårt med framsyningar, turnéar og møtet med publikum. Når dette arbeidet blir målt og verdsett, er det eit tydeleg teikn på at vi lukkast, og det gir oss både motivasjon og kraft til å halde fram og utvikle oss vidare, seier Strømskag.

Prisvinnaren fekk eit kunstverk frå Møre og Romsdal kunstsenter si årsutstilling signert kunstnaren Monica Vermeer. Vemeer er opphavleg frå Nederland, men har budd på Sunnmøre i fleire år. I tillegg fekk vinnaren eit diplom.

Samlande kraft i fylket

Nyttårskonferansen deler ut prisen Årets regionbyggar til ein person, organisasjon, bedrift eller offentleg aktør som har utmerka seg på ei enkeltsak eller over tid som ei samlande kraft i fylket, eller som har tatt spesielle initiativ som bygger Møre og Romsdal saman.

Det er deltakarane på Nyttårskonferansen som kan nominere kandidatar med og programkomiteen, beståande av representantar frå fylkeskommunen, Statsforvaltaren, NAV, ungdomspanelet og KS, er jury.