Tek i bruk georadar på jakt etter fundamentet til mellomalderkapell

Arkeologar frå Møre og Romsdal og Vestland fylkeskommunar tek i bruk georadar på Agatunet i Ullensvang. Finn dei spor etter kapellet som stod på storgarden i mellomalderen? 

Mann går med georadar, - Klikk for stort bileteTida med spade og gravemaskin er nok ikkje forbi for arkeologane, men georadar blir no testa ut som eit nytt og supplerande verktøy. Her køyrer Arve Nytun frå Møre og Romsdal og Andrea Skrede frå Vestland georadar ved lagmannstova på Agatunet. Glenn Heine Orkelbog/Vestland fylkeskommune)

Ein georadar fungerer nærast som eit ekkolodd og sender radiobølgjer ned i bakken, fortel Arve Nytun, arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

– Objekta under bakken blir reflekterte tilbake til ein mottakar, og i databehandlinga etterpå kan arkeologane sjå kva som gøymer seg der, seier han.  

Kan vere alternativ til graving 

Verktøyet er i aukande grad teke i bruk i norsk arkeologi. 

– Det kan i enkelte tilfelle vere eit godt alternativ til spade og gravemaskin. Det er eit ikkje-inngripande verktøy, som kan avdekke kva som skjuler seg under bakken. Vi tek det i bruk no for å vurdere georadar som alternativ til graving når vi kartlegg kyrkjestadar og ruinar og gravplassar frå mellomalderen, fortel Andrea Skrede, arkeolog i Vestland fylkeskommune. 

Tre personar gjer oppmålingar. - Klikk for stort bileteHer lagar arkeologane ein grid, eit oppmålingssystem på georadarspråket. Denne gjer slik at ein køyrer beint og har kontroll på undersøkinga. Oppmålingssystemet legg også grunnlaget for innmålinga i kart etter sjølve undersøkinga. Arve Nytun/Møre og Romsdal fylkeskommune

Ho legg til at vi nok ikkje kjem unna graving med det første, men at georadar i nokre tilfelle kanskje kan vere eit alternativ. Det er det dei no jobbar med å finne ut ved å undersøke mellomalderruinar i både Vestland og Møre og Romsdal. Tidleg i mai var arkeologar frå begge fylkeskommunane på plass med georadar. 

Agatunet, riddarsete og freda klyngetun 

Agatunet er eit freda klyngetun og friluftsmuseum som inneheld heile 67 verna bygningar. Den eldste bygningen er lagmannsstova frå 1220 som går attende til ei tid då garden Aga var ein stormannsgard og sete til Sigurd Brynjulfsson. Han var lagmann og rådgjevar til kong Eirik Magnusson, son til Magnus Lagabøte, som forfatta landslova vi år feirar 750-årsjubileum for

Sidan mellomalderen har garden og tunet blitt delt opp og framstår i dag som eit flott eksempel på eit klyngetun. Bygningsmassen og strukturen i tunet har vore i stadig endring. Eldre bygg har måtte vike for nye bygg. Mellomalderkapellet som stod på garden, er eit av bygga som er vekke, men no håpar arkeologane altså å finne spor etter det ved hjelp av georadar. 

Georadar fotografert. - Klikk for stort bileteHåpet er at undersøkingane med georadar skal resultere i ny kunnskap om Agatunet og mellomalderhistoria på staden. Arve Nytun/Møre og Romsdal fylkeskommune

– No ventar ein periode med tolking av innsamla data frå undersøkingane, men vi har allereie gjort nokre spanande funn. Sør for Lagmannsstova kan vi skimte avtrykket etter kva som kan vere endå ein bygning. Om det faktisk er kapellet vi ser avtrykk av er framleis usikkert, men likevel spanande, fortel Skrede. 

Ny metode, ny kunnskap 

På Agatunet er dei spente på kva som skjuler seg under bakken, og på om den nye metoden kan gje ny kunnskap.  

– Vi er sjølvsagt glade for all ny mellomalderkunnskap vi kan få. I år som det er 750 års markering for Magnus Lagabøtes landlov er det svært relevant. Eg håpar at undersøkingane kan bidra til å utvide vår forståing av Aga si rolle som storgard og lagsete i mellomalderen, seier Ingvild Hauso, avdelingsleiar for Agatunet. 

I samband med jubileet set Agatunet opp utstillinga «Lov om land», ei utstilling som tek for seg viktige eigedomstilhøve i landslova. Utstillinga opnar 21. juni. Søndag 26. mai held professor Jørn Øyrehagen Sunde føredrag om landslova og bleiediplomatiet på Agatunet. Les meir om arrangementa på nettsida til Agatunet

Artikkelen er skrive av kommunikasjonsseksjonen i Vestland fylkeskommune.