26. november arrangerte Ørsta vidaregåande skule, i samarbeid med Ørsta næringskontor og 25 lokale næringar og arbeidsliv, ein dag full av yrkesglød.
Målgruppa var elevar på niande trinn i Ørsta kommune, ungdomsskulelærar og ikkje minst niandeklassingane sine føresette.
Karrieremodning
Målet er å etablere ein tidlegare start, og ei lengre og meir aktiv karreieremodning for elevar i ungdomsskulen, der ein ønsker å involvere lærarar og føresette i langt større grad. Gjennom å gi ein smakebit og eit innblikk i ulike fagområde og næringar. Basert på lokale behov og moglegheiter, knytt til dei fem yrkesfaglege utdanningsløpa ved Ørsta vidaregåande skule.
Yrkesglød er ein del av prosjekt Samfunnskontrakten, som Ørsta vidaregåande skule har fått midlar til, og ei vidareutvikling av Ørstamodellen som har vore gjennomført i mange år.