Tida for kantslått langs fylkesvegane

I slutten av mai startar kantslåtten langs fylkesvegane. Dette gir betre sikt, finare omgjevnader og er viktig for naturen, men ein er avhengig av godt samarbeid med naboar for effektivt arbeid.

Gjerde og vegkant - Klikk for stort biletePrivate gjerder må vere minst 3 meter frå vegkanten. Isabell Standal

I løpet av året gjennomfører fylkeskommunen to rundar med kantslått. Den eine frå mai og den andre startar i august. 

- Å slå graset gir sikt og tryggleik langs vegane, seier Torgeir Bye, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.  

- I tillegg er dette viktig for artsmangfaldet.  

Insekt og naturmangfald er høgt prioritert. Ved å slå tidleg og seint på sommaren tek ein vare på vekstar og insekt ein vil ha i norsk natur.  Kantslått er nødvendig for å få vekk framande artar som tar livet av alt rundt seg. I tillegg gjerast kant- og grøfterensk heile sommaren, for at det ikkje skal samle seg vatn på asfalten.

Rydd vegkanten for gjerder og gjenstandar

Det er likevel nokre utfordringar med arbeidet kvart år, mellom anna gjerder og gjenstandar som står for nært vegen. Ofte er private gjerde festa i autovernet, noko som kjem i konflikt med maskinene ein bruker i arbeidet med kantslått, grøftereinsk og rydding.

- Mange er flinke, men vi er avhengig av eit samarbeid med grunneigarar langs fylkesvegane for å gjere jobben effektivt, seier Bye.  

- Gjerder langs vegen bør vere minst 3 meter frå vegkanten i 50-sone for ikkje å hindre arbeidet.  

Bye vil oppmode alle som grensar til vegen å bidra med å halde vegkanten ryddig for gjenstandar, slik at kantslåtten skjer raskt og effektivt.  

Det kan oppstå køer medan arbeidet går føre seg. Eg vil også oppmode trafikantar om å vise omsyn og ikkje ta farlege forbikøyringar når vi utfører dette viktige arbeidet, avsluttar han.  

Gjerde som er festet til autovern - Klikk for stort bileteDet er vanskeleg med kantslått når noko er festa til autvern, til dømes. Isabell Standal