Tilbyr nytt reservefartøy frå mai på Brattvåg–Dryna

Torghatten Nord tilbyr eit nytt reservefartøy på ferjesambandet Brattvåg-Dryna. Dei kan ha MF Fykan klar i frå i mai.

Men presenterer i møte. - Klikk for stort bileteDriftssjef Anders Tøsse i Torghatten Nord. Per-Kristian Bratteng

Driftssjef Anders Tøsse i Torghatten Nord møtte onsdag i samferdselsutvalet for å orientere om drifta på Brattvåg–Dryna. Han erkjente at det har vore altfor mange kanselleringar med reserveferjene på sambandet, men kunne også fortelje at dei frå i mai vil sette inn MF Fykan som reserveferje på sambandet i staden for MF Røsund.

MF Fykan er bygd i 1993, kan ta 30 PBE (personbileiningar), tre VTE (vogntogeiningar), inntil 150 passasjerar og kan operere til og med fartsområde 3.

MF Fykan blir tilgjengeleg frå mai månad og fartøyet er meint å gi ei meir føreseieleg drift saman med hovudfartøyet MF Haram, opplyste Tøsse.

I møtet opplyste Torghatten Nord at det er reservefartøya for MF Haram som i all hovudsak har svekka regulariteten på sambandet. I 2023 var regulariteten på 98,9 prosent, i 2024 på 99,0 prosent.

I 2025 har det vore mange kanselleringar, dei fleste som følge av problem med reservefartøyet.