Tilbyr opptil 30 nye praksisplassar: – Vi må utdanne fagfolka sjølve

Det er så stor mangel på betongfagarbeidarar, at bedrifter i Møre og Romsdal no etablerer opp mot 30 praksisplassar til elevar i vidaregåande opplæring for vaksne.

Mann. - Klikk for stort bileteFredrik Linge Klock er dagleg leiar i Byggopp Møre og Romsdal. Marius Rosbach, Nett.no

– Skal du få tak i fagfolk, er du sannsynlegvis nøydt til å utdanne dei sjølv, seier dagleg leiar Fredrik Linge Klock i Byggopp Møre og Romsdal, som er samarbeidsorganet for bygg- og anleggsteknikk.

Opptil 30 nye praksisplassar

Byggopp Møre og Romsdal vil no satse tungt på vaksne i betongfaget, og har meldt til Møre og Romsdal fylkeskommune at dei etablerer nye praksisplassar for opp mot 30 elevar som tar vidaregåande opplæring for vaksne. Med andre ord: For deltakarar som har søkt og er tatt inn til videregående opplæring for vaksne.

Les meir om vidaregåande opplæring for vaksne

Vidaregåande opplæring for vaksne er eit tilbod som innbyggarane i Møre og Romsdal kan søke om frå det året dei fyller 19 år.

Opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk har om lag 140 medlemsbedrifter og rundt 170 løpande lærekontraktar. Hovudoppgåva er å legge til rette for god fagopplæring i bedriftene, og drive informasjon og rekruttering til aktuelle handverksfag.

Stort behov for fagfolk

Dagleg leiar Fredrik Linge Klock er tydeleg på kvifor dei no satsar på vaksne i betongfaget:

– Det er ganske enkelt; vi er nøydde til å få tak i nok handverkarar. Behovet innan betongfaget er aukande, og bedriftene har gitt oss beskjed om at vi skal gjere kva vi kan for å få tak i desse fagfolka, seier han.

I dag er det tilbod i betongfag i Romsdal ved Romsdal vgs, medan Sunnmøre og Nordmøre manglar tilsvarande opplæringstilbod. Samtidig melder bedriftene om store utfordringar med å rekruttere, både på Sunnmøre – til dømes i Ålesund og Ulsteinvik/Ørsta/Volda – og på Nordmøre.

– Må ta meir ansvar sjølv

Klock meiner løysinga ligg i å satse meir systematisk på vaksne, ute i deira bedrifter:

– Vi ser at skal du få tak i fagfolk, er du sannsynlegvis nøydt til å utdanne dei sjølv. Ordninga med praksisplassar er fantastisk – du får lært dei opp slik du treng det, og får god arbeidskraft i mange år framover.

Han peikar på at vaksne søkarar ofte kjem inn med erfaring og motivasjon som gjer dei ekstra verdifulle for bedriftene.

– Mange av dei har tidlegare arbeidserfaring og forståing for handverk. Nokre har språkproblem, men det kan lærast. Dei veit kor vanskeleg det kan vere å få jobb, og er motiverte. Dette er folk som ofte glir godt inn i bedriftsmiljøa, seier Klock.

Treng fleire i betongfaget

I dag er fleirtalet av lærlingane i Byggopp tømrarar.

– Det er interessant, for vi treng eigentleg like mange betongarbeidarar som tømrarar. Derfor ser vi på denne satsinga som ein rein vinn-vinn: Folk som vil ut i arbeid, og bedrifter som treng kompetent arbeidskraft. Dette må vere gull for alle partar, seier han.

– Byggopp inspirerer

Også for fylkeskommunen, som driv dei offentlege vidaregåande skolane i Møre og Romsdal, er det gledeleg at Byggopp seier ja til å etablere opp mot 30 nye praksisplassar i faget betongfagarbeidar.

– Vi har mange nok søkarar til vidaregåande opplæring for vaksne, men det er ikkje nok praksisplassar i bedriftene. I åra framover blir det aukande kamp om fagfolk, og vi håpar at det Byggopp gjer med å satse tungt på å utdanne arbeidskrafta sjølv, kan inspirere andre i næringslivet til å gjere det same, seier rådgivar Gyrid Otnes Madsen i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les meir om vidaregåande opplæring for vaksne