Pengane skal gi elevar, lærlingar og tilsette i vidaregåande opplæring nye moglegheiter til å lære og utvikle seg i Europa.
Tildelinga frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) gjer fylkeskommunen til den største mottakaren av Erasmus+-midlar innan fag- og yrkesopplæring (VET) i Noreg i år. Også innan studieførebuande program (SCHOOL) er Møre og Romsdal blant dei fremste, med nest høgaste tildeling nasjonalt.
I tillegg til fylkeskommunen, søker ei rekke vidaregåande skoler i fylket om midlar på eigehand. Om vi reknar inn tildelinga til desse skolane, er den totale summen på heile 1.681.200 EUR. Med dagens valutakurs utgjer det nær 20 millionar kroner.
– Fantastisk moglegheit
– Dette er ei fantastisk moglegheit for både elevar, lærlingar og tilsette. Gjennom Erasmus+ får dei høve til å reise ut, oppleve nye kulturar og få fagleg påfyll i eit internasjonalt læringsmiljø, seier Kristian Severeide, internasjonal rådgivar i fylkeskommunen.
Midlane skal fordelast til vidaregåande skolar, samarbeidsorgan og eigne lærlingprosjekt, basert på søknader som vart sendt inn tidlegare i år. Dei fleste aktivitetane er planlagde for skuleåret 2025/26.
Praksis i utlandet
Gjennom Erasmus+ kan deltakarane få praksis i utlandet, delta i faglege utvekslingar og utvikle språk- og kulturkompetanse. For lærlingar betyr det moglegheit til å ta delar av læretida i eit anna europeisk land. For lærarar og tilsette gir det høve til fagleg utvikling og internasjonalt samarbeid.
– Dette styrker ikkje berre den enkelte deltakar, men også kvaliteten på den vidaregåande opplæringa i Møre og Romsdal, seier Severeide.
Han peiker på at Møre og Romsdal er eit stort eksportfylke med eit internasjonalt retta næringsliv.
– Då er det viktig at vi som skoleeigar legg til rette for eit tydeleg internasjonalt engasjement også i den vidaregåande opplæringa. Då er Erasmus+ programmet heilt avgjerande, seier Severeide.
Du kan lese om Erasmus+ på mrfylke.no og på Erasmus+ sine nettsider.