Tilrår å be Viti og kommunane ta ansvar for regionmuseet si framtid

Det var ikkje fleirtal blant kommunane på Sunnmøre for å gjere stiftinga Viti til eit aksjeselskap. No tilrår fylkeskommunedirektøren å be Viti og kommunane ta større ansvar for museumsutviklinga.

Det går fram av saksframlegget til «Museumsprosess på Sunnmøre - status etter høyring og vegen vidare». Saka skal til politisk behandling i kultur- og folkehelseutvalet tysdag 22. oktober. 

I innstillinga skriv fylkeskommunedirektøren at det ikkje er grunnlag for vidare prosess kring omdanning av Viti frå stifting til aksjeselskap, der alle kommunane på Sunnmøre er aksjonærar. Ho tilrår at Viti tek det vidare ansvaret for utvikling av regionmuseet og at kommunane følger opp sitt kulturpolitiske ansvar for regionmuseet. Dette med tanke på både eigarskap, utvikling og finansiering av museet. 

Blei utfordra

I eit vedtak 12. mars i år blei kommunane på Sunnmøre utfordra av kultur- og folkehelseutvalet. Bakgrunnen for at kommunane vart utfordra var at dei sjølv peikte på museumsprosessen på Nordmøre og løfta aksjeselskap som ei mogleg løysing for eit meir samla regionmuseum på Sunnmøre.  Utvalet bad kommunane på Sunnmøre, saman med Viti, ta ei aktiv rolle for å utgreie moglegheit for, og konsekvensane av, etablering av eit aksjeselskap. Dette som løysing for eitt samla regionmuseum på Sunnmøre. Kommunane blei bedne om å gi ei tilbakemelding.

Responsen frå dei 14 kommunane var slik:

  • Sju kommunar er positive til vidare utgreiing av aksjeselskap: Ørsta, Volda, Ålesund, Sula, Giske og Fjord og Sykkylven
  • To kommunar seier nei til vidare utgreiing av aksjeselskap: Ulstein og Hareid
  • Fem kommunar har ikkje svart: Vanylven, Sande, Herøy, Stranda og Haram

Av kommunane som er positive til vidare utgreiing, er det ingen som uttrykker eksplisitt at dei tek ansvar for vidare prosess. Kommunane nyttar formuleringa «bli med» og «delta aktivt».

– Ikkje grunnlag for vidare prosess

Med berre sju av 14 kommunar som er positive til vidare prosess, meiner fylkeskommunedirektøren at det på noverande tidspunkt ikkje er grunnlag for vidare arbeid med omdanning av Viti frå stifting til aksjeselskap.

I saksframlegget viser fylkeskommunedirektøren til vedtaket frå fylkestinget i desember 2022 der fylkestinget uttrykker at regionmuseet på Sunnmøre ikkje er samlande nok. Ho peikar på at ansvaret for å utvikle regionmuseet Viti i samsvar med nasjonal og regional museumspolitikk ligg til stiftinga Viti.

«Fylkeskommunedirektøren har tillit til Viti sin fagkompetanse og forventar at Viti utviklar seg med tanke på representativitet. Mykje av dette kan skje innanfor dei økonomiske rammene museet har frå stat og fylkeskommune, men også kommunane må ta sin del av ansvaret for finansiering, utvikling og forankring av regionmuseet», skriv fylkeskommunedirektøren.

Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for kultur- og folkehelseutvalet tysdag 22. oktober