Tilrår å vente med å reversere reduksjonen i ferjetilbodet

Fylkeskommunedirektøren tilrår for samferdselsutvalet å vente til fylkestingssamlinga i april med å behandle ei sak om reversering av tidlegare kutt i ferjetilbodet.

Bilde av ei ferje. - Klikk for stort bileteBilferja MF Suløy.

Ho vil at ei auke i ferjetilbodet må sjåast i samanheng med saka om dei omfattande driftsreduksjonane i Møre og Romsdal fylkeskommune som fylkestinget får til behandling på årets første samling, 22.-24. april i Molde.

Sa nei til tidlegare vedtak om kutt

I desember i fjor vedtok fylkestinget å reversere tidlegare vedtak om kutt i ferjetilbodet, og å legge saka fram for samferdselsutvalet for vurdering. Til utvalet sitt møte onsdag 31. januar kjem saka til behandling, og fylkeskommunedirektøren innstiller på vente til april for å sjå ferjetilbodet i det store bildet:

«Fylkeskommunedirektøren arbeider no med ei sak om omfattande driftsreduksjonar som følgje av både fylkestinget sitt vedtak i desember, men også som følge av at fylkeskommunen no har eit driftsnivå som gradvis tømmer fylkeskommunen sitt disposisjonsfond. Dette er ikkje berekraftig over tid. Samferdselsområdet utgjer ein stor del av fylkeskommunen si drift og må av den grunn også ta ein stor del av reduksjonane i tenestetilbod som er nødvendige for å få ei berekraftig drift», er hennar vurdering ifølge saksframlegget.

Full reversering kostar 16,5 mill.

Ein total reversering av tidlegare reduksjonar i ferjetilbodet får ein kostnad på 16,5 millionar kroner. Fylkeskommunedirektøren si førebelse vurdering er at det berre er produksjonen på B-ferja for rute 1066 Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya som vert reversert i 2024 for perioden 27. juni til og med 30. november. Dette vil ha ein kostnad på om lag sju millionar kroner med produksjon i om lag fem månadar. B-ferjetilbodet i perioden vil berre gjelde for året 2024.

Lenke til møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for samferdselsutvalet onsdag 31. januar 2024