Tilrår ikkje anskaffing av B-ferje til sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya frå 2025

Fylkeskommunedirektøren vil ikkje tilrå at det blir lyst ut konkurranse om permanent B-ferje frå 2025 på sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya i kommunane Sande og Vanylven. 

Bildekk på en ferje som er på vei til kai. - Klikk for stort bileteÅram er eitt av fire anløpsstader i sambandet. Susanne Aare Dahl/Møre og Romsdal fylkeskommune

Den nye ferja som kjem på plass frå 1. januar 2025, vil vere tilstrekkeleg for venta trafikkvekst i sambandet. Denne ferja vil ha ein kapasitet på 50 PBE (personbileiningar), noko som aukar kapasiteten på kvar enkelt ferjeavgang med 15 PBE.

Saka om B-ferje frå 2025 skal behandlast i møtet i samferdselsutvalet tysdag 2. april.

Vil krevje konkurranseutsetting

Fram til nye ferjekaier i sambandet er bygd ferdig, er det ikkje mogleg å bruke større ferje enn dagens ferje på 35 PBE. Derfor har det i 2022 og 2023 gått B-ferje i sambandet i sommarhalvåret for å handtere trafikken, og det er vedteke i fylkestinget og i samferdselsutvalet at dette skal vidareførast i 2024.

Fylkeskommunedirektøren har innhenta ei ekstern juridisk vurdering av moglegheita for å kjøpe opp B-ruta innanfor dagens ferjekontrakt, også etter 1. januar 2025. Konklusjonen i vurderinga er at ei slik endring vil innebere ein «vesentleg endring» i strid med kontrakt og anskaffingsregelverket.

Dette betyr at om ein skal ha permanent to ferjer i sambandet frå 2025, må ein konkurranseutsette ferje nummer to for 2025–2031, ved å lyse ut denne på anbod. Den juridiske vurderinga er lagt ved saksframlegget til saka.

Fylkeskommunedirektøren peiker i saksframlegget på fleire utfordringar med å starte ein ny anbodsprosess no. Forutan utfordringar med å sikre like konkurransevilkår, vil mellom anna miljøkrav gjere at dette blir dyrare enn dagens kontrakt. Den alvorlege økonomiske situasjonen som fylkeskommunen er i, gjer at fylkeskommunedirektøren ikkje vil tilrå anskaffing av ei ekstra ferje til sambandet når den nye og større ferja vil handtere trafikken.  

Fylkeskommunen vil ikkje få auka overføringar i inntektssystemet dersom det blir sett inn ei ekstra ferje i sambandet, og må derfor bere denne kostnaden sjølv.

Har undersøkt trafikken

Fylkeskommunen har undersøkt trafikken i sambandet og har mellom anna sett på servicegraden. Denne fortel kor stor del av køyretøya som har kome med den ferjeavgangen dei har møtt opp til. Fylkeskommunen har eit mål om at servicegraden på fylkesvegferjene skal være ≥ 98,0 prosent. Det var totalt 625 gjenståande køyretøy i sambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya i 2023, noko som gir ein servicegrad på 99,20 prosent. Litt over halvparten av dei gjenståande køyretøya gjeld strekninga Larsnes–Åram t/r. Her påpeiker fylkeskommunedirektøren i saksframlegget at det for denne strekninga er gode omkøyringsmoglegheiter i nabosambandet Årvika–Koparneset. 

Vidarefører dagens rutetabell

Dagens rutetabell i sambandet har 10 rundturar per døgn, med 9 faste rundturar samt bestillingstur rundt midnatt alle dagar unntatt natt til måndag. Det betyr at sambandet ligg ein rundtur over gjeldande ferjestandard med dagens rutetabell.

Det er dagens rutetabell som ligg i kontrakten, og som er planlagd vidareført når den større ferja kjem frå 1. januar neste år.

Behandlast i samferdselsutvalet i april

Det er fylkesutvalet som har bedt fylkeskommunedirektøren om å vurdere moglegheitene for å lyse ut på anbod ei løysing med permanent to ferjer i sambandet. Bakgrunnen for dette er eit oversendingsframlegg i fylkestinget 11. desember i fjor, der representanten Bjarne Kvalsvik (KDL) bad om ei vurdering av dette. Saka om B-ferje frå 2025 skal behandlast i møtet i samferdselsutvalet 2. april.