Tilrår ikkje lågare passeringstak på Nordøyvegen

Fylkeskommunedirektøren tilrår at fylkestinget ikkje går vidare med ein ny bompengeproposisjon for å redusere passeringstaket på Nordøyvegen frå 40 til 20 passeringar i månaden. Saka skal opp i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune 9. september 2026.

Skip som er segler under ei bru. - Klikk for stort bileteNordøyvegen blei opna i 2022. Magnar Fjørtoft

Samferdselsutvalet bad i juni 2026 om ei utgreiing av handlingsrommet for å redusere bompengebelastninga på Nordøyvegen. Vegdirektoratet har avklart at ei slik endring er omfattande og vil krevje ny bompengeproposisjon og behandling i Stortinget.

Eit lågare passeringstak vil gi mindre inntekter frå bompengane. Berekningar frå bompengeselskapet Vegamot viser eit inntektstap på om lag sju prosent dersom taket blir redusert til 20 passeringar for lette køyretøy. Dersom det skal gjelde både lette og tunge køyretøy, er inntektstapet berekna til om lag åtte prosent.

Må finansierast på ein annan måte

Inntektstapet må dekkast inn gjennom høgare bompengetakstar, lengre innkrevingstid eller tilskot frå fylkeskommunen.

Eit eingongstilskot frå fylkeskommunen er berekna til 35 millionar kroner dersom passeringstaket blir redusert for lette køyretøy, og 40 millionar kroner dersom det skal gjelde både lette og tunge køyretøy.

Fylkeskommunedirektøren meiner at å dekke inntektstapet med høgare takstar vil slå uheldig ut for dei som køyrer strekninga mindre enn 20 gonger i månaden. Vegdirektoratet har signalisert at ei lengre innkrevingstid er lite realistisk.

Eit eventuelt fylkeskommunalt tilskot må finansierast innanfor eksisterande økonomiske rammer og vil dermed kunne gå utover andre tiltak.

Møre og Romsdal fylkeskommune har tidlegare tildelt midlar for å redusere bompengebelastninga på Nordøyvegen. I 2023 blei det gitt eit eingongstilskot på 45 millionar kroner, i tillegg til at fylkeskommunen avstod frå å krevje inn 60,3 millionar kroner i bompengar.

Fylkeskommunedirektøren tilrår at fylkestinget ikkje går vidare med ein ny bompengeproposisjon for Nordøyvegen.

Saka skal til endeleg avgjerd i fylkestinget.

Saksliste og saksframlegg for samferdselsutvalet torsdag 10. september