Illustrasjon av inngangspartiet for Ørsta KKS.
PIR2 / Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkeskommunedirektøren peikar på at Ørsta KKS vil vere eit viktig bidrag til sentrumsutviklinga, og tilrår at prosjektet blir vidareført i tråd med skisseprosjektet.
Skisseprosjektet skal behandlast i kompetanse- og næringsutvalet og kultur- og folkehelseutvalet 10. november, før det går vidare til fylkesutvalet og endeleg avgjerd i fylkestinget 9.–10. desember.
Samarbeidsprosjekt
Samarbeidsprosjektet mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Ørsta kommune skal bidra til både betre skolefasilitetar, styrka kulturtilbod og utvikling av Ørsta sentrum.
For fylkeskommunen er det nødvendig å få på plass nye lokale for Ørsta vidaregåande skule, då tilstanden til dagens bygg er for dårleg. Samtidig er det nødvendig med nye lokalar for kulturfunksjonane i Ørsta kommune. Ørsta KKS skal samle vidaregåande skole, kulturskole, bibliotek, kino og kultursal i eitt fleirfunksjonsbygg, med mål om å skape ein inkluderande møteplass og effektiv bruk av ressursar.
Fire etasjar og kjellar
Bygget er planlagt med fire etasjar og kjellar, og har eit bruttoareal på 13.271 kvadratmeter. Fylkeskommunen eig 74,5 prosent av bygget, medan Ørsta kommune står for resten. Prosjektramma for fylkeskommunen er sett til 792,75 millionar kroner.
Skisseprosjekt er eit sentralt dokument i planlegginga av større byggjeprosjekt. Det inneheld overordna løysingar for funksjonar, areal, kostnadar og tekniske grep, og gir eit realistisk grunnlag for vidare utvikling og politisk behandling. Skisseprosjektet er ikkje endeleg, men skal danne basis for forprosjekt og detaljprosjektering.
Møteinnkalling og saksframlegg for Kultur- og folkehelseutvalet måndag 10. november
Møteinnkalling og saksframlegg for Kompetanse- og næringsutvalet måndag 10. november