Tilsett som rektor ved Gjermundnes vgs.

Tone Syltebø er tilsett som rektor ved Gjermundnes vgs.

Tone Syltebø. - Klikk for stort bileteTone Syltebø. Møre og Romsdal fylkeskommune

Syltebø har vore konstituert rektor ved skolen sidan januar i år, og ass. rektor sidan hausten 2022. 

– Eg er veldig glad og audmjuk for den tilliten eg blir vist. Å få jobbe i lag med det flotte kollegiet på Gjermundnes for å gje ungdom eit best mogleg utgangspunkt for vaksenlivet er eit privilegium, seier den nye rektoren.

Syltebø har lang erfaring frå skole, mellom anna som lærar ved Molde vgs i perioden 2006 – 2015, kor ho underviste i medie- og kommunikasjonsfag. Ho har også vore rektor i grunnskolen i sju år. Tone har rektorutdanning frå Høgskulen på Vestlandet og ein mastergrad i medievitenskap frå Universitetet i Bergen.

– Gjermundnes vgs. er ein skole med eit vekst- og utviklingspotensiale. Skolen har tradisjonelt vore svært viktig for landbruksnæringa i Møre og Romsdal. Det skal vi framleis vere. Men den breie kompetansen vi gir elevane våre innan grønt naturbruk, er ekstra viktig i ei tid der fokuset på sjølvforsyning, berekraft og beredskap er større enn på lenge. Det er kompetanse eg trur kjem til å bli berre meir etterspurt i tida framover. 

– Det er også viktig for meg å framheve det gode samarbeidet vi har med verftsindustrien i Vestnes om tilbodet vårt innan teknologi- og industrifag. På Gjermundnes er vi no midt i ein kreativ prosess rundt korleis vi skal vidareutvikle skulen, noko eg er veldig glad for å få jobbe vidare med som rektor, seier Tone Syltebø.