Tilsett som seksjonsleiar kulturmiljø og friluftsliv

Hilde Arna Tokle Yri er tilsett som seksjonsleiar for kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kvinne med lyst hår, briller og raudt skjerf. - Klikk for stort bileteHilde Arna Tokle Yri Magnar Fjørtoft

Med det får ho og hennar seksjon ansvar for å ta vare på- og vidareutvikle viktige kulturmiljø og friluftsområde i fylket.

– Det gjer vi igjennom forvaltning av freda kulturmiljø, regional planlegging og forvaltning av statleg sikra friluftsområde, som sektormynde i plan- og byggesaker, og som rettleiar, tilskotsforvaltar og samarbeidspart i ulike prosjekt, seier Yri.

Yri er frå Tokle i Isfjorden og har ein master i kulturminneforvaltning og cand. mag med etnologi og nordisk språk og litteratur.

– Eg fann vegen inn i kulturhistoria gjennom konfeksjonshistoria og Oddfred Tokle sin konfeksjonsfabrikk, det som i dag er konfeksjonsmuseet og er ein del av Romsdalsmuseet. Under studia på 90-talet hadde eg eit engasjement kor eg registrerte alle gjenstandane og førebudde huset til opning for publikum. Då vart eg sikker på at dette var det eg ville gå vidare med, og seinare starta eg på etnologi i Bergen, seier Yri.

Før ho i 2022 kom til Møre og Romsdal fylkeskommune, jobba ho i Trøndelag fylkeskommune, først som rådgivar, og seinare som leiar. Ho har òg hatt ei åremålsstilling over to år hos Sysselmannen på Svalbard  der ho jobba med fangst- og gruveminne.

Seksjonen som Yri skal leie, er ein del av kulturavdelinga, som totalt sett har ansvar for idrett, frivilligheit, friluftsliv, kulturmiljøforvalting, folkehelse og kunst- og kulturutvikling.

Med tittelen seksjonsleiar kulturmiljø og friluftsliv er fylkeskonservator-tittelen ikkje lenger i bruk i fylkeskommunen.

Yri trer inn i stillinga 1. juli.