Tilskot for å vidareføre Vekst i Hareid

Eit einstemmig kompetanse- og næringsutval har løyvd tre millionar kroner til vidareføring av omstillingsprosjektet Vekst i Hareid.

Dermed får Hareid kommune tilskot til siste år av prosjektet, i si noverande form.

Hareid kommune har over tid hatt særskilte utfordringar med relativt høg arbeidsløyse og låg sysselsetjing. For å snu desse trendane og skape ein meir allsidig arbeidsmarknad på Hareid, vart det starta opp eit omstillingsprosjekt i 2020. Arbeidet har heile vegen vore finansiert av dei statlege omstillingsmidlane frå Kommunaldepartementet.

Resultat så langt

Hareid rapporterer ved utgangen av 2023 at prosjektet har vore involvert i å skape eller sikre 124 arbeidsplassar i næringslivet på Hareid. Og så langt har prosjektet bidratt til nyregistrering av 17 selskap, der eitt av desse så langt har meir enn fem tilsette. I tillegg har det vore arrangert mange nærings- og gründertreff, frukostmøte og andre møteplassar med ulike tema.

Planar det neste året

Fram til juni 2025, i det som blir siste år av prosjektet er følgjande aktivitetar prioritert:

  • Greie ut korleis arbeidet i Vekst i Hareid skal vidareførast, og etablere ny struktur.
  • Etablere samarbeidsprosjekt mellom næringslivet og høgare utdanning
  • Etablere forstudie for eit større arbeid med rekrutterings- og kompetansebehov i regionen
  • Aktivitetar for å gjere Hareid synleg som ein attraktiv stad for å bu, besøke og drive næring i.
  • Halde fram med reiselivsarbeidet som er sett i gang gjennom cruisenettverket.
  • Sikre vidareføring av samarbeidsprosjekt på Risneset for å stimulere til utvikling av området.
  • Gjennomføre ny runde med SMB Utvikling for bedrifter med behov

Tilskotet til Hareid kommune er avgrensa til 60 prosent av totalkostnad, og er gitt på vilkår av fullfinansiering.

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll frå kompetanse- og næringsutvalet 8. mai 2024