Håndverkeren i Kristiansund i 2009.
Berit Rønsen, Riksantikvaren (2009)
Det er kultur- og folkehelseutvalet som nyleg har løyvd til saman 6.715.000 kroner i tilskot til 19 ulike freda kulturminne i privat eige. Vedtaket var einstemmig.
– Tilskotet betyr mykje
Størst del av tilskotsmidlane gjekk denne gongen til Brodtkorb- og Christiegården i Kristiansund. Anlegget går i Kristiansund under namnet Håndverkeren. Det er Kristiansund Håndverkerforening som eig dei, og styreleiar Martin Høyemsvoll seier at tilskotet på 1,3 millionar kroner betyr mykje:
– Pengane gjer at vi kan betale for at kompetente tradisjonshandverkarar kan løfte bygningsmassen til ein stand den verkeleg fortener. Vedlikehaldsetterslepet er såpass stort at normalt vedlikehald ikkje lengre held. Vi veit at fylkeskommunen og innbyggarane i byen vil sette stor pris på at denne ærverdige eigedomen settast i stand, seier Høyemsvoll.
Vurderte å selje anlegget
Bygga har dei siste åra stått tomme og vore haldne dårleg ved like. I haust var Kristiansund Håndverkerforening nær ei nedlegging, og dei vurderte å selje heile det freda anlegget.
Håndverkeren i Kristiansund.
Berit Rønsen, Riksantikvaren (2009)
Men i staden for sal, vart foreininga restarta, og det nye styret sette klare mål. Anlegget skulle bli sett i stand og bygningane skulle takast i bruk igjen. Første delmål vart nådd då det 1. februar vart opna restaurant i Christiegården.
– Det har vore fullt av folk i restauranten sidan starten. Leigetakarane seier at det har gått over all forventning. Det har faktisk vore så mykje folk innom, at dei måtte tilsette fleire enn dei rekna med, seier Høyemsvoll, og legg til: – Bygget fortener å bli brukt, opplevd og å bli sett.
100 år sidan fredninga
Brodtkorb- og Christegården er freda etter kulturminnelova og har nasjonal verdi. 2024 markerer 100-årsjubileet for fredninga som tredde i kraft den 27. februar 1924. Formålet med fredninga er å bevare Brodtkorbgården og Christiegården som eit bygnings- og kulturhistorisk viktig eksempel på eit typisk bygårdsanlegg frå slutten av 1700-tallet og byrjinga av 1800-tallet i Kristiansund.
Dette skal gjerast
I Brodtkorbgården skal dørportalen settast i stand
Berit Rønsen, Riksantikvaren (2009)
Tilskotet på 1,3 millionar kroner skal brukast til istandsetting av himlingar i Laugsalen og storsalen i Christiegården, og til istandsetting av fasadar, takrennekassar og kledning. I Brodtkorbgården skal dørportalen settast i stand, og dei skal tilbakemontere dør mellom bygningane. Restmidlane skal brukast til utbetring av råteskadar i kledning og veggkonstruksjon.
– Midlane legg eit godt grunnlag for vidare istandsetting, seier leiar av kultur- og folkehelseutvalet Jessica Gärtner.
Dette er tilskota
Her er lista over tilskot til freda kulturminne i privat eige for 2024:
Kulturminne | Søkar | Prosjekt | Kommune | Tilskot |
---|
Christiegården | Kristiansunds Håndverkerforening | Himlinger, eksteriør | Kristiansund | 1 310 000 |
Parkgata 5. | SS- Eiendom AS | Vindauge, balkong, prosjektleiar | Ålesund | 1 100 000 |
Hjellens Notbøteri. | Hjellens Notbøteri | Nordbuda og båtnaust | Ålesund | 720 000 |
Mjelva, vestfløya. | Iver Marius Kleiva | Istandsetting steinfasade | Rauma | 190 000 |
Mjelva, østfløya. | Webjørn Mjelva | Istandsetting steinfasade | Rauma | 162 000 |
Lossiusgården. | Lill Snekvik | Murarbeid trapp | Kristiansund | 52 000 |
Raneslåna. | Råg Ranes | Drenering | Surnadal | 112 000 |
Haugestova | Svein Egil Rusten | Istandsetting | Stranda | 400 000 |
Raftenes prestegård | Kim Andersen | Drenering | Herøy | 117 000 |
Vorpeneset, hovedhus | Calidris AS | Skifertekking, tiltak mot skadedyr | Molde | 600 000 |
Ner Hole | Nerhole Museum | Malearbeider med egen fargeanalyse | Rauma | 70 000 |
Mølltunet | Stiftinga Geirangerfjorden | Utbetring stabbur | Stranda | 160 000 |
Løvenvold Kino. | Løvenvold Teater Eiendom AS | Restaurering ventehall | Ålesund | 720 000 |
Bakketunet, Bjørke | Marita Bett Aakre | Vindu på stabbur | Volda | 10 000 |
Synnylven presetegard | Øystein Lyngroth | Skadeutbetring | Stranda | 180 000 |
Litlvågen stabbur | Tor Fuglevåg | Laft/fundament | Sunndal | 332 000 |
Petterbakken, borstove | Petterbakken Velforening | Tilbakeføre torvtak | Ulstein | 100 000 |
Lindset, stabbur | Jon Arne Lindseth | Istandsette vegger | Hustadvika | 230 000 |
Mølltunet, frukttrær | Anette Møll | Områdefredning | Stranda | 150 000 |
Sum | | | | 6 715 000 |
Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll frå møtet i kultur- og folkehelseutvalet 12. mars 2024