Midlane kjem frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond og Regionalt Forskningsfond, og skal bidra til regional verdiskaping og kunnskapsutvikling.
Støtta vart einstemmig vedtatt av kompetanse- og næringsutvalet 18. september.
Desse prosjekta får tilskot på 600.000 kroner kvar:
- Filtra AS: Gjenbruk av saltlake
- Ode AS: Karakterisering av torsketarmlidingar på vevs- og cellenivå
- HAV Group AS: Co-simulator for utvikling og testing av autonome ferjer
- Frøystad AS: Fangsteffektivt og lønnsamt kamskjellfiskeri med bruk av ny teineteknologi
- Myklebust Hvalprodukter AS: Helsefremmande effektar av kvalolje i tarmepitel
- Ulmatec Pyro AS: Simulering- og databasert optimalisering av termisk energigjenvinning i skip
- Fjordlaks AS: Gjenbruk av saltlake for miljøgevinst og verdiskaping
Totalt vart det søkt om 6,59 millionar kroner frå 11 prosjekt. Støtteandelen er maksimalt 50 prosent, og det er sett eit tak på 600.000 kroner per prosjekt.
Etter denne tildelinga står det att 3 millionar kroner til nye kvalifiseringsprosjekt i 2025.
Prosjekta er vurderte etter forskingskvalitet, innovasjon, effektar, gjennomføringsevne og regional relevans. Fylkeskommunen har lagt vekt på at midlane skal gi størst mogleg effekt for næringslivet i regionen.
Møteprotokoll og saksframlegg for kompetanse-og næringsutvalet torsdag 18. september