Tilskot til fartøyvern 2026: Søblomsten får høgste prioritet

Møre og Romsdal fylkeskommune fordeler i år 3,17 mill. kroner til vern og restaurering av verna og freda fartøy. Fordelinga vart behandla i Kultur- og folkehelseutvalet 25. mars, der alle dei sju søknadane fekk tilskot. Vedtaket var einstemmig.

Trebåt. - Klikk for stort bileteRestaureringsarbeidet med Søblomsten har gått føre sidan 2020. Romsdalsmuseet

Tilskotsordninga skal bidra til å styrke kunnskap om tradisjonelle handverksteknikkar, sikre fartøy med stor verneverdi og halde ved lag kystkultur i fylket.

Fylkeskommunedirektøren har vektlagt prosjekt som allereie er starta opp, som har tilstrekkeleg grunnlagsdokumentasjon, høg kulturhistorisk verdi eller der tiltak er nødvendige for å unngå vidare forfall. Ifølge vurderinga er Søblomsten årets høgst prioriterte prosjekt, grunna solid fagleg kvalitet, god framdrift og fullstendig dokumentasjonsgrunnlag.

Midlane til fartøyvern er statlege og overført frå Riksantikvaren etter søknad frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylkeskommunen om 10.763.418 kroner. Det betyr at det ikkje er nok midlar til å innfri dei summane det er søkt om.

Tildeling 2026

Tilskot til fartøyvern 2026
KulturminneSøkarKommuneProsjektTilskot 2026
M/B TafjordOve Inge Skylstad, M/B Tafjord ASSykkylvenSikring av kulturminnet på HFS120.000
RS 100 ÆgirReidar Berge, RBS ASGjemnesReparasjon av motor100.000
D/S ThorolfRolf Gudmundset, D/S Thorolfs VennerSulaReparasjon av råte i dekk500.000
NordenKnut Lasse TorhusHustadvikaSikring og uthenting av motor200.000
M/S BilfergenAmund Halsebakke, Bilfergen ASÅlesundFornye kjølplank og slippsetting100.000
SøblomstenPeter Brennvik, Båtbyggarmuseet på VestnesVestnesFerdigstille rigg og master1.830.300
Sundbåten RappKristiansund kommunale SundbåtvesenKristiansundFramdriftsmaskin og drivlinje, salongvindu og karmer320.000
Sum   3.170.000

Saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 25. mars