Prosjekta som får tilskot skal gi tydelege bidrag til grøne industrielle løft gjennom meir berekraftig og/eller sirkulær utnytting av ressursar frå havet og havbruk.
Dei tre prosjekta som får tilskot er:
- Tjeldbergodden Utvikling AS: 2.000.000 kr til prosjektet Sirkulærproduksjon av mikroalger som foringrediens under CO2-rike forhold
- SINTEF Nordvest: 2.500.000 kr til prosjektet By-catch valoRisation into Added-Value ingredient
- Arctic Algae AS: 2.500.000 til prosjektet Microalgae-based oral vaccines for aquaculture applications
I det same møtet blei det gitt tilskott til fem kvalifiseringsprosjekt, 600.000 kroner til kvar av dei. Kvalifiseringsprosjekt er ein forprosjekttype som skal kvalifisere til meir forsking og innovasjon i neste fase. Dei fem er:
| Vard Design AS | Kostnadseffektivt høypresisjonsmålesystem for drivstofforbruk |
| Steinsvik Olivine AS | Olivin til amorf silika og brucitt for CO2-fangst og -lagring |
| Runde Forsking | Overvaking av gyteområde for kysttorsk ved bruk av KI-baserte planktonanalysar |
| NTNU | AI-Driven Traffic Scenario Generation for Maritime Simulation-Based Training |
| Ulstein Design&Solutions AS | Effektiv optimering av skip med dysepropell |
Saksframlegg og møteprotokoll for kompetanse- og næringsutvalet torsdag 23. oktober