Tiro blir namnet på ny undervisningsbåt ved Hustadvika vgs

Etter namnekonkurranse og avstemming blant elevar og tilsette ved Hustadvika vgs er det klart at det nye undervisningsfartøyet får namnet Tiro.

Undervisningsfartøy. - Klikk for stort bileteBåtane som blir levert er av modellen Selfa FLEX 1499. Selfa Arctic AS

Namnekomitéen gjorde onsdag eit einstemmig vedtak etter at innbyggarar fekk sende inn namneforslag og det deretter blei gjennomført intern avstemming ved skolen. I avstemminga fekk Tiro fekk flest stemmer, medan Hustad Viking fekk nest mest.

Fører Tiro-namnet vidare

Kristoffer Meringdal, assisterande rektor ved Hustadvika vgs, har vore med i namnekomitéen og er glad for at namnet på det førre undervisningsfartøyet blir ført vidare.

– Vi driv skole, og Tiro betyr lærling, det elevane skal bli. Det er eit kort og godt namn med historisk forankring. Tiro har vore båtnamnet ved Hustadvika vgs, og det er ein viktig tradisjon. Difor opplever eg dette som det rette namnet, seier Meringdal.

Fekk tydeleg fleirtal

Også Geir Stenseth, leiar i kompetanse- og næringsutvalet og medlem i namnekomitéen, er nøgd med resultatet.

– Namnet Tiro var ukjent for meg, men eg forstår at mange har eit sterkt forhold til det. Det er også positivt å sjå at namnet fekk eit tydeleg fleirtal blant både tilsette og elevar, seier Stenseth.

Namnekomitéen peikar på at eit klart fleirtal av stemmene på Tiro kom frå tilsette ved skolen. Ifølge komitéen gir dette fagleg forankring og styrker eigarskapet til fartøyet som ein felles ressurs i opplæringa i blått naturbruk ved Hustadvika vgs.

643 namneforslag

Då namnekomitéen inviterte innbyggarar til å sende inn namneforslag, kom det inn 314 svar med totalt 643 forslag. Kriteria var lokal forankring, at namnet gjerne er unikt og lett å uttale.

Av dei 643 forslaga gjekk sju namn vidare til avstemming blant elevar og tilsette: Ane Martha, Hustad Viking, Hustadvik, Håsund, Kjellå, Ole og Tiro.

Tre båtar til fylket

Selfa Arctic AS i Harstad bygger tre nye undervisningsfartøy til naturbruksopplæringa ved Hustadvika vgs., Herøy vgs. og Ålesund vgs. Fartøya har ei samla kostnadsramme på 109 millionar kroner og skal gi elevane meir praktisk og moderne opplæring i blått naturbruk.

Undervisningsbåten til Hustadvika vgs blir levert først, i november eller desember 2026.