Den gamle lafteteknikken spretteljing er brukt på tømmeret.
Ola Hjelen
Funnet vart gjort då eigarane bad om råd til istandsetting av ein 37 meter lang låve på Utigard Flatvad. Ein tradisjonshandverkar merka seg uvanleg gamle spor i tømmeret, mellom anna bruk av den gamle lafteteknikken spretteljing. Det sette i gang nærare undersøkingar i samarbeid mellom eigarane, fylkeskommunen og Nordmørsmusea.
Funna på Utigard Flatvad
Det vart tatt ut årringsprøver av fleire stokkar i bygninga. Analysane ved NTNU Vitenskapsmuseet viser at fem av prøvene kjem frå tre som vart felt vinteren 1337–1338. Tømmeret har opphavleg vore del av ein bygning som truleg er reist i 1338, eller kort tid etter, og er seinare gjenbrukt i dagens låve.
Det er i denne låven på Flatvad i Sunndal at tømmeret er funnen.
Ola Hjelen
Det gjenstår fleire undersøkingar for å avklare opphavet. Materialet kan stamme frå eitt eller fleire eldre gardsbygningar, men munnlege kjelder på Flatvad opnar òg for at låven kan innehalde tømmer frå ei gamal kyrkje.
Bygningar frå før 1650 er svært sjeldne og er automatisk freda etter kulturminnelova. Med datering til 1338 kan låven på Utigard Flatvad innehalde det eldste kjende bygningsmaterialet frå ei ikkje-kyrkjeleg bygning som til no er datert i Møre og Romsdal. Funnet gir eit sjeldan innblikk i byggeskikk og handverk frå tida før svartedauden.
Funna på Østigard Flatvad
Bygningsfunnet må sjåast i samanheng med omfattande arkeologiske funn på nabogarden Østigard Flatvad. Funna kom i samband med ein søknad om tilbygg til eit eldre eldhus, der fylkeskommunen kravde arkeologisk registrering før byggestart. Registreringane vart gjennomførte hausten 2025.
Det er omfattande arkeologiske funn på Østigard Flatvad. Det vart gjort registreringsarbeid hausten 2025.
Aaron Johnston
På eit avgrensa område vart det påvist 28 strukturar, mellom anna dyrkingslag, kokegroper og spor etter minst tre bygningar. Dateringane spenner frå folkevandringstid til 1600-talet. Det eldste sporet er restar etter eit hus datert til 436–585 e.Kr. Funna gir sjeldan kunnskap om busetting i periodar der det elles finst få arkeologiske spor, særleg frå mellomalderen.
I regional og nasjonal samanheng
Kombinasjonen av ståande bygningsmateriale frå mellomalderen og busettingsspor i bakken i same område gjer Flatvad-funna særleg verdifulle. I nasjonal samanheng er det svært uvanleg å finne bevart bygningsmateriale frå 1300-talet i verdslege bygningar. Dette er første gongen ein har datert ikkje-kyrkjelege bygg frå 1300-talet / tida før 1500-talet i Møre og Romsdal. Derfor er dette eit viktig bidrag til forsking på handverk og på norsk busettings- og bygningshistorie.
Garden Østigard ligg nærmast, nabogard Utigard med låven sjåast i høgre del av bildet.
Aaron Johnston