Samferdselsdirektør Jesper Wiig innleia konferansen og takka alle som jobbar med trafikksikkerheit i fylkeskommunar og andre etatar.
– Det blir gjort mykje godt arbeid, ofte i det stille. Dykk jobbar langsiktig og kunnskapsbasert, og det er avgjerande, sa Wiig til deltakarane. Han understreka at innsatsen – langsiktigheita og basert på kunnskap – må haldast oppe også når ulykkestala går i feil retning.
– Nullvisjonen ligg fast
Statssekretær Jakob Vorren opna konferansen. I opningstalen peika han på at trafikksikkerheit er ei av dei høgaste prioriteringane i regjeringa sin transportpolitikk, og at nullvisjonen ligg fast.
Vorren viste til at Noreg ligg i verdstoppen på trafikksikkerheit, men at for mange framleis blir drepne eller hardt skadde i trafikken. Han understreka fylkeskommunane si sentrale rolle som landets største vegeigarar, og betydninga av det lokale arbeidet for å nå dei nasjonale måla.
– Må jobbe saman
– Vi er nøydde til å jobbe saman. Vi har eit felles ansvar for at alle kjem trygt fram, og det ligg framleis ein stor og viktig jobb framfor oss, sa Vorren.
Den nasjonale tiltaksplanen for trafikksikkerheit på veg, som vart lagt fram i mars, inneheld rundt 200 tiltak og legg grunnlaget for vidare samarbeid mellom stat, fylkeskommunar, kommunar og andre aktørar.
Programmet omfattar innlegg frå mellom anna fem fylkeskommunar, Transportøkonomisk institutt (TØI), Trygg Trafikk og Vegdirektoratet. Det blir erfaringsdeling og diskusjonar om åtferd i trafikken, køyretøy og infrastruktur.
Samlinga held fram onsdag.