Tre kommunar får støtte til berekraftig tettstadutvikling

Kultur- og folkehelseutvalet har einstemmig fordelt 2.270.833 kroner til tre prosjekt som skal styrke berekraftig tettstadutvikling i 2025.

Midlane går til kommunar som vil utvikle sentrumsområde, møteplassar og bustadkvalitet i tråd med fylkesstrategien for attraktive byar og tettstader.

Kommunane som får midlar, er:

  • Gjemnes kommune får 1.300.000 kroner til eit toårig prosjekt for utvikling av kommunesenteret Batnfjordsøra. Prosjektet omfattar rådgivartenester, stadanalyse og prosjektering, og skal legge grunnlag for langsiktig sentrumsutvikling. Kommunen har allereie etablert prosjektleiar og innspelsgruppe, og har starta arbeid med ny reguleringsplan.
  • Sunndal kommune får 375.000 kroner til å planlegge og etablere ein utandørs møteplass for ungdom i sentrum. Tiltaket byggjer på tidlegare tettstadprosjekt og skal fremme fysisk aktivitet og sosialt fellesskap. Kommunen har fått oppfølging frå både fylkeskommunen og ressurssenteret Tverga, og har løyvd eigne midlar til prosjektet.
  • Herøy kommune får 595.833 kroner til forskjønning av Fosnavåg sentrum. Prosjektet omfattar oppgradering av møteplassar, vinterbelysning og betre skilting, og er ein del av ein større plan for å gjere sentrum meir levande og attraktivt. Kommunen har etablert ei prosjektstilling som sentrumskoordinator og samarbeider tett med næringslivet.

Totalt kom det inn sju søknadar. I vurderinga har fylkeskommunen lagt vekt på om tiltaka er i tråd med føremålet og retningslinjene for ordninga, som mellom anna handlar om kvalitet i bygde omgjevnadar, offentlege møteplassar og bustadpolitikk.

Ordninga er ein del av programmet for by- og tettstadutvikling, vedtatt av fylkestinget i 2021. Målgruppa er kommunesentera i fylket, samt tettstadar som var kommunesenter i 2020. Regionbyane Ålesund, Molde og Kristiansund var ikkje med i denne runden.

Saksdokument og møteprotokoll for Kultur- og folkehelseutvalet måndag 10. november