Det er eit einstemmig kompetanse- og næringsutval som har løyvd midlar til prosjekt som skal redusere klimautslepp, styrke beredskap og skape ny verdiskaping i næringslivet. Ordninga er knytt til satsinga på Grønt industriløft Møre og Romsdal.
Desse får støtte
- iKuben får 1.250.000 kroner til prosjektet «Grøn omstilling – berekraftig stål». Målet er å redusere klimautslepp i industrien gjennom betre materialval, auka ombruk og nye samarbeidsformer i verdikjedene.
- Sør-Norges Fiskarlag får 600.000 kroner til eit prosjekt som skal finne betre måtar å utnytte pigghå som bifangst i kystfisket. Dette skal gi betre ressursutnytting og mindre svinn.
- ÅKP AS får 400.000 kroner til eit forprosjekt for ein havkatapult. Prosjektet skal kartlegge behovet for test- og demonstrasjonsfasilitetar innan havnæringane og bidra til tettare samarbeid mellom industrien og forskingsmiljø.
Skal gi klimaeffekt og samarbeid
Tilskotsordninga skal støtte prosjekt som gir konkrete klima- og miljøgevinstar, styrker beredskapen og bidreg til samarbeid mellom bedrifter, kunnskapsmiljø og andre aktørar.
Prosjekta samsvarar med måla i fylkesplanen og satsinga på Grønt industriløft i Møre og Romsdal.
Saksframlegg og møteprotokoll frå kompetanse- og næringsutvalet sitt møte 11. juni