Treng fleire handverkarar, arrangerer ope søkarseminar

Er du interessert i bygningsvern? NTNU inviterer handverkarar og andre interesserte til digitalt søkarseminar for bachelorstudiet i tradisjonelt bygghandverk.

Høvel. - Klikk for stort bilete Per-Kristian Bratteng

Seminaret blir arrangert onsdag 11. februar kl. 17.00-18.30, og er retta mot alle som er nysgjerrig på bygningsvern og kan tenke seg å søke opptak til studiet i 2026.

Aukande behov

Behovet for fagfolk innan bygningsvern er aukande, også i Møre og Romsdal. Det har også leiar for seksjon for kulturmiljø og friluftsliv i fylkeskommunen, Hilde Tokle Yri, erfart:

– Svært mange av bygningane i landet vårt er bygd før 1950, og dermed i ein tradisjon og med materialar som er forskjellig frå i dag. Mange av desse bygningane er også verneverdige og er med på å gi særpreg til stadane våre. Vi ser at eigarar som får tilskot til å sette istand bygningane, har vanskar med å finne handverkarar frå Møre og Romsdal som kjenner til det tradisjonelle bygghandverket. Vi har for få handverkarar med slik utdanning, og eg håper at fleire unge handverkarar vel ei slik utdanning. Utdanninga er på deltid, seier Tokle Yri.

Uformell arena

Også NTNU håpar at fleire handverkarar vil vurdere vidare utdanning i tradisjonelle byggfag, og legg opp seminaret som ein uformell arena der deltakarane kan stille spørsmål direkte til fagmiljøet.

Under søkarseminaret blir det gitt ei kort innføring i studiet, opptakskrav og søknadsprosess. Hovuddelen av møtet er sett av til opne spørsmål frå deltakarane.

For å delta må ein registrere seg på NTNU sine nettsider. Dei som melder seg på, får tilsendt lenke til seminaret i forkant.

Sikre vidareføring

Bachelorprogrammet i tradisjonelt bygghandverk kombinerer praktisk handverk med teoretisk kunnskap om byggeskikk, materialbruk og restaurering. Studiet har som mål å utdanne fagfolk som kan ta vare på kulturhistoriske bygg og sikre vidareføring av handverkstradisjonane.

NTNU oppmodar særleg erfarne handverkarar som vurderer vidare kompetanseheving om å delta.