I lag med midlar frå staten, vil løyving frå fylkesutvalet gi grunnlag for å starte sikring av Trollstigen så snart som råd.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Arbeidet med skredsikringa skal gjerast i fleire fasar. Møre og Romsdal fylkeskommune er vegeigar på strekninga, og startar med sikring av ei avskjeringsgrøft i Trollstigen. Dette arbeidet gjer fylkeskommunen gjennom driftskontrakta. kor Veidekke er entreprenør.
- Avskjeringsgrøfta på toppen av Trollstigen går vi gang med allereie i sommar, seier Solgunn Langlo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Neste del av arbeidet er fjellrensk- og sikringsarbeid i fjellsida Kjelstadlinja. Dette er no lyst ut på anbod.
Kjelstadlinja er eit område midt i Trollstigen der fjellet har blitt meir og meir laust dei siste åra. Når regjeringa bidreg med 40 millionar kroner blir det mogleg å gå i gang med strakstiltak for å sikre vegen mot skred. I tillegg har Fylkesutvalet vedteke å bidra med ei restfinansiering på 10 millionar kroner.
Stor risiko for skred
Trollstigen i Rauma kommune får besøk av rundt ein million turistar kvart år, og er viktig for turistnæringa i fylket. Fylkeskommunen avgjorde i juni at Trollstigen måtte stengast på grunn av gjentatte steinsprang og stor skredfare.
- Årsaka til stenginga er stor risiko for at nokon kan bli treft av steinras, seier Langlo.
- Fjellet må vere tilstrekkeleg sikra før vegen kan opne igjen.
Fylkeskommunen har som mål og kunne opne Trollstigen i turistsesongen i 2025, dersom alt går etter planen og det ikkje dukkar opp noko uforutsett i fjellet.